Atlantic Offshore siglar vidare – har kontraktar for 1,8 milliardar

Fem månadar etter konkursen er det business as usual – nesten – hos Atlantic Offshore på Ågotnes. Offshorerederiet sit no på inngåtte kontraktar verd 1,8 milliardar kroner, men fleire oppseiingar trugar, seier dagleg leiar Roy Wareberg til Tunnelsyn.no.

Roy Wareberg held fram som dagleg leiar i det nye selskapet Aegopodium AS.
Roy Wareberg held fram som dagleg leiar i det nye selskapet.

Like før konkursen i april kjøpte hovudeigar Knut Øgreid storparten av verdiane i Atlantic Offshore AS for 20 millionar kroner. Offisielt heitte kjøparen Aegopodium AS. Men med på kjøpet følgte rettane til bruken av namnet Atlantic Offshore. Den Stavangerbaserte familieverksemda overtok også ein stor del av gjelda i offshorerederiet. Samstundes fekk gruppa tilført 70 millionar i ny eigenkapital.

Les: Sel unna verdiane i Atlantic Offshore

Gjeld på 700 millionar kroner, ikkje 950 millionar som det har blitt hevda, vart liggjande att i konkursbuet, ifølgje dagleg leiar Roy Wareberg i Aegopodium AS og Atlantic Offshore Management AS.  Eit børsnotert obligasjonslån på 500 millionar utgjer største posten i buet.

Les: Kreditorane krev 950 millionar i buet til Atlantic Offshore

Ikkje i forhandlingar
Kreditorane har ikkje nytta seg av fristen på tre månadar til å tre inn i bodet. Wareberg reknar difor handelen som gyldig.

I ein offshorebransje prega av oppkjøp og konsolidering, er Atlantic Offshore per i dag ikkje i forhandlingar med andre aktørar om sal av dei 15 fartøya som verksemda eig eller driftar, seier Wareberg til Tunnelsyn.no

– Vi driv hovudsakleg innan beredskap og oljevern, område der konkurransen ikkje er like stor, utdjupar Wareberg.

Avtalar for 1,8 milliardar
Atlantic Offshore har inngått langsiktige avtalar for skipa til ein samla verdi på 1,8 milliardar og med varighet frå 2018 til 2023, fortel Wareberg. Ordresituasjonen framover karakteriserer han som god.

Atlantic Offshore eig i dag 12 fartøy og driftar i tillegg tre andre dei har mindre eigarpostar i.

Ocean King vart bygd ved Hellesø verft i 1984, og står no utan kontrakt.
Ocean King vart bygd ved T. Hellesø verft i 1984, og står no utan kontrakt.

Sist veke kom meldinga om at Ocean King står utan kontrakt og er gått i opplag.

I løpet av eit års tid har talet på skip i rederiet si eiga blitt redusert med fire. Ytterlegare to eldre fartøy i engelsk sektor ligg i opplag og står i fare for å verta selde som spiker om ikkje dei kjem på nye kontraktar i løpet av hausten.

Fleire oppseiingar
Ved konkursen var det 440 tilsette i rederiet. Dei siste månadane er staben redusert med ytterlegare 25 personar. Færre enn 10 er sagt opp.

Om skipa på engelsk sektor ikkje snart kjem på nye kontraktar, vert ytterlegare 60 personar sagt opp, seier Wareberg til Tunnelsyn.no

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.