Det er berre fiskefartøyet Libas, og ikkje fiskekvoten, Liegruppen AS ønskjer å selja til Island.

Like før helga vart det kjend at Liegruppen har gjort avtale med eit islandsk rederi om å selja flaggskipet Libas AS.
Vanleg praksis her til lands er at fiskekvotane føl med fartøyet. Det er ikkje tilfelle her:
– Salet omfatter berre stål, ikkje fiskekvotar, seier dagleg leiar Peder Lie til Tunnelsyn.no.
Avtalen er inngått med forbehald om finansiering. Islendingane har vore interessert i det norske fartøyet lenge, men no har dei fått med seg norske bankar på laget, fortel Lie som har god tru på at handelen denne gongen vert noko av.
Liegruppen AS sine kvotar for sild, makrell, lodde og andre fiskeslag er samla i dotterdottera Libas AS og er verdsette til 436 millionar kroner i rekneskapen for 2015.
Les: Verdset fiskekvotane til 436 millionar
– Er dette eit signal om ei omlegging av strategien i Liegruppen i samband med det føreståande generasjonsskiftet?
Les: Basen på Liaskjæret
– Snarare tvert om, seier Peder Lie.
Bygd for framtida
Libas vart levert i 2004 og er ein kombinert ringnotfartøy og trålar, med ein netto tonnasje på 1313 tonn.
– Libas er eitt av dei største fiskefartøya i Norge. Fartøyet er byd for framtida og dimensjonert for andre rammevilkår og krav enn dei den pelagisk flåten har i dag, ifølgje heimesidene til Liegruppen.
4 Comments