Venneslan vil henta 40 millionar frå eigedomsskatt

Omsynet til den kommunale gjeldssituasjonen tilseier at Askøy bør innføra eigedomsskatt på samtlege eigedomar frå komande årsskifte, tilrår rådmann Eystein Venneslan.

Rådmann Eystein Venneslan vil auka det politiske handlingsrommet i budsjettarbeidet og føreslår å henta inn 40 millionar på eigedomsskatt på bustad, hytter og næringseigedomar.
Rådmann Eystein Venneslan i Askøy vil auka det politiske handlingsrommet i budsjettarbeidet og føreslår å henta inn 40 millionar på eigedomsskatt på bustad, hytter og næringseigedomar.

Askøy innførte eigedomsskatt på verk og bruk frå siste årsskiftet. Eit tiltak som vil innbringa kring 2,5 millionar kroner i kommunekassen, og som monnar lite i kommunen sin økonomiske situasjon.

Investeringsplanar på vent
Vekstkommunen har mange og store investeringsplanar på vent, mellom anna innan skule.

For å auka handlingsrommet i samband med årets budsjettarbeid, føreslår difor rådmannen å utvida omfanget av eigedomsskatten til å omfatta så vel bustadar som hytter og næringseigedom.

40 millionar
Tiltaket vil kunna auka dei kommunale inntektene med 40 millionar kroner, har konsulentselskapet ESKAN AS rekna seg fram til.

Frå årsskiftet?
Om ein tek utgangspunkt i Skatteetaten sine likningstakstar, vil det vera mogeleg å innføra den utvida eigedomsskatten alt frå komande årsskifte. Ei eiga taksering av dei 9.000 bustadane og fleire tusen andre eigdomane i kommunen vil krevja mykje lenger tid, og vil dessutan kosta pengar, åtvarar Venneslan.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.