Planlegg gigantisk havnesamarbeid

I kampen for å snu dei etablerte godsstraumane frå land til sjø, går Coast Center Base på Ågotnes saman med erkerivalen Risavika Havn i Stavanger om å etablera eit felles havneterminalselskap for heile Sørvestlandet.

CCB og Risavika Havn har felles eigarar.
CCB og Risavika Havn har felles eigarar.

CCB AS og Risavika Havn AS har i dag kunngjort at dei planlegg å danna eit felles havneterminalselskap som vil verta marknadsført under namnet Westport.

If you can’t beat them…
– Dette er ikkje så dramatisk som det kanskje kan høyrast ut, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB AS i ein kommentar til Tunnelsyn.no.

Dei to havneselskapa har felles eigarar. NorSea Group eig 50 prosent av CCB og ein tredel av Risavika, så konkurransen har ikkje vore så sterk som det kan hende har vore framstilt som i media, understrekar Andreassen.

Meir gods på sjø

I første omgang er det området inst i Transvågen som er aktuelle til å ta mot godsmengder frå Bergen havn, seier administrerande direktør Kurt Rune Anderassen i CCB AS. I neste omgang kan det byggjast meir enn ein kilometer kaifront på vestsida av vågen.
Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB AS har godt om kaiplass på Ågotnes etter at Statoil flytta baseverksemda til Mongstad.

-Vi ser eit betydeleg potensiale for auka godsmengde i dette samarbeidet, seier Andreassen.

Først og framst vil dei jobba for å få fleire skipsanløp til Vestlandet. I fellesskap dekkjer dei to havnane nærare ein million nordmenn. Alt gods treng ikkje ta vegen om Oslo.

Politisk påverknad
– Det er ein stor jobb å snu dei etablerte godsstraumane. Kvar for oss vert vi for små, saman kan vi betre jobba for å bidra til å overføra last tilsvarande 350.000 lastebillass frå veg til sjø, seier Andreassen som medgjev at politisk påverknadsarbeid og marknadsføring vil vera sentrale oppgåver for det nye selskapet.

Les: Båt eit rimeleg alternativ til ny Sotrabru

Det nye selskapet vil få oppgåva med å fordela godsmengda mellom havnene som deltek i samarbeidet.

Kostnadsreduksjon
Andreassen avviser at dette er første steg i ei framtidige restrukturering av NorSea Group.

– CCB kjem til å halda fram som leverandør med Ågotnes som base, forsikrar han.

Gjennom det felles selskapet vil CCB få tilgang til eit felles logistikksystem som Risavika har utvikla og som vil bidra til å effektivisera lastehandteringa og redusera kostnadane, seier Andreassen.

OPS-samarbeid
Planane om eit havnesamarbeid med Bergen, vil også kunna tilpassast til eit slikt konsept:

– Vi ser på Bergen som ein nøkkelspelar i denne samanhangen, Skal vi få volum på sjø trengs eit eit offentleg – privat samarbeid, seier Andreassen til Tunnelsyn.no

Les: CCB – den mest miljøvenlege løysinga

På sikt ønskjer NorSea Group å få Karmsund også med i samarbeidet, fortel Andreassen.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s