Veidekke vil lagra ureina massar i Næringsparken på Straume

Veidekke Entrepenør ønskjer å nytta Straume Næringspark til å lagra inntil 50.000 kubikkmeter med ureina massar frå rive- og graveverksemd.

Det gule området viser kvar Veidekke ønskjer å lagra dei forureina massane.
Det gule området viser kvar Veidekke ønskjer å lagra dei forureina massane. Bustadfeltet på Ebbesvikfjellet i sør og aust.

Det framkjem av ein søknad Veidekke Entrepenør har sendt fylkesmannen i Hordaland.

Miljø – eller helseskadeleg
Veidekke har fleire grave- og riveprosjekt i Bergensområdet som genererer overskotsmassar som i store mengder kan vera miljø- eller helseskadeleg.

No ønskjer dei å mellomlagra inntil 50.000 kubikkmeter slike massar i Næringsparken på Straume i påvente av båttransport ut av fylket.

Det omsøkte lagringsområdet ligg heilt sør og vest i Næringsparken, like ved kaien.

Under tak
Dei tilkøyrte massane vil verta lagra under tak, på fast dekke. Med tanke på eventuell avrenning vil det verta laga grøft som kan samla og reinsa sige- og overvatn før det slepp ut i Straumsundet, skriv Veidekke i søknaden.

Massane vil verta frakta på lastebil til Næringsparken. I snitt vil det koma 11 lastebilar i døgnet, opplyser Veidekke i søknaden. Uttransporten vil medføra kring tre båtanløp i månaden.

12 timar/døgn
Det vert lagt opp til aktivitet på området 12 timar i døgnet.

Frist for merknadar er 10. oktober.

Du kan lesa heile søknaden hos Fylkesmannen i Hordaland.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s