Klima-quizz frå Bergen Næringsråd

Sjå godt på dette biletet – les deretter Bergen Næringsråd sitt dagsferske ”Veikart for grønn næringstransport i Bergensområdet”. Kva er det som finst i rikeleg monn på biletet, men som rapporten fullstendig overser?

Bergen - omgjeven av sjø på alle kantar.
Bergen – omgjeven av sjø på alle kantar.

Biletet er henta frå framsida på ”Veikart for grønn næringstransport i Bergensområdet”, og viser kvifor Bergen tidleg vart sjøfartsby nr. 1 i Norge: Bergen er omgjeven av sjø på alle kantar. Sjøen er infrastrukturen som kan binda byen saman med omlandskommunane, med resten av landet og med verda elles.

Tek klima på alvor
Næringsrådet i Norges nest største by har teke inn over seg klimautfordringa. Dei 188.000 køyretøya i byen og omeignkommunane slepp ut heile 752 millionar tonn CO2 årleg, og det må vi sjølvsagt gjera noko med.

Sjøen som transportåre og klimagevinstane ved auka satsing på sjøtransport er likevel ikkje mellom dei tiltaka som inngår i Bergen Næringsråd si løysing. Bergen Havn vert avspist med ei kort avsnitt i rapporten.

Ambisjonsnivå
Ambisjonsnivået er det ingen ting å seia på. Gjennom ein heil serie tiltak vil det vera mogeleg å halvera CO2-utsleppa, meinar Bergen Næringsråd. Største kutta i klimagassutsleppa er det næringstransporten; lastebilar og kollektiv som skal stå for.

Talet på kollektivreiser skal auka. Framleis skal 130.000 bensin- og dieseldrivne privatbilar – 24.000 færre enn i dag – køyra rundt på vegnettet – eit vegnett der det vert planlagt for mange, store og kostnadskrevjande nybygg.

Kva med båten?
Rapporten har som mål å vera visjonær. Bildeling og førelause drosjar er tekne med som klimavenlege tiltak. Dei som leitar etter sjøtransporten si rolle, leitar likevel forgjeves.

At båtrutene til Askøy og Knarvik har dei siste åra fått auka oppslutnad frå kollektivreisande som ikkje ønskjer å stå i kø, overser rapporten. Ingen båtruter – heller ikkje elektriske – inngår i planane.

Klimarekneskapen
Klima og miljø er ikkje berre CO2. Miljø er like mykje å ta vare på det grøne landskapet vi framleis er omgjeven av.

Stadig nye sektorar vert inkluderte i klimarekneskapen. Klimagassutslepp frå vegutbyggingar inngår enno ikkje. Kor store mengder CO2 vil verta sluppe ut i atmosfæren som følgje av at alle desse vegutbyggingane vert realiserte?

Svaret finn vi ikkje i rapporten.

Gløymt naturlege føresetnadar
Sjøen som infrastruktur er gratis. Bergen kunne ha blitt ein pioner på fornying av sjøvegs transport. Investeringane hadde blitt små samanlikna med kostnadane forbunde med framtidig vegutbyggingar – men dei skal jo finansierast over Statsbudsjettet!

Konkurransefortrinn
Innovasjon er, ifølgje innovasjonsforskar Peder I. Furseth ved BI, å så det alle andre ser, og tenkja det ingen andre tenkjer.

Det er freistande å hevda at næringsrådet i den tradisjonsrike sjøfartsbyen Bergen overser dei naturlege føresetnadane som ein gong gav grunnlag for å leggja ein by akkurat her: Opp gjennom hundreåra har tilknytinga til sjø vore byen sitt sterkaste konkurransefortrinn.

Du kan lasta ned Veikart for grønn næringsrapport i Bergensområdet her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s