Uønska i Norge

Skylt på land med bølgjene, eller forvilla frå private hagar?  Rynkerosa, eller Rosa Rugosa, er ein tidleg innvandrar som har slege rot i Norge. No er ho svartelista.

Rosa Rugosa - for godt integret i norsk natur?
Rosa Rugosa – for godt integret i norsk natur?

Ingen veit heilt sikkert kvar ho kjem frå. Rynkerosa, eller Rosa Rugosa, har funnest i Norge i fleire hundre år.

Innvandringa skjedde truleg i fleire puljar, gjennom ulike kanalar, tilbake på 1700- og 1800-talet. Mange stadar, som her på Straume, tenkjer ein seg at ho er forvilla frå prestegradshagen, og kallar henne Prestegardsrose.

Hardfør
Rosa Rugosa er ei sjeldant hardfør rose som stortrivest i barskt norsk klima. Kom kulde, kom vind, kom regn, kom sol. Uansett er rugosarosa er ein av dei første som faldar ut sine vakre, velduftane kronblad i den norske sommaren. Riktblømande og uthaldade er ho og.

Mange stadar vert ho nytta som levegg for nordavinden. Den buskete rugosaen spreier seg villig, i motsetnad til mange andre sartare roser som helst hadde pakka kofferten og emigrert til varmare og mindre regnvåte strok.

Trussel mot plantearven

Nypene til Rosa Rugosa er eit Kokebokforfattar Henriette Skjønberg Erken framheva nyper som eit C-vitaminlager av dei sjeldne i norsk natur.
Rosa Rugosa set nyper i hundretal. Kokebokforfattar Henriette Skjønberg Erken framheva nyper som ei C-vitaminkjelde av dei sjeldne i norsk natur. Ho har eit vell av oppskrifter med nyper som ingrediens. Ved å knipa av og eta nypene bidreg vi samstundes til å ta vare på den norske plantearven.

Så godt trivest rugosaen at ho utgjer ein trussel mot den norske plantearven, har Miljøverndepartementet funne ut. I likhet med mellom anna lupin, spreier denne innvandra planten seg så villig at ho fortrengjer sartare innfødde plantesortar, meinar departementet.

Forbode å planta ut
Frå årsskiftet er det forbode å planta ut nye Prestegardsroser. Roser som alt er utplanta i hagar kan likevel få stå. Vilkåret er at eigaren knip av nypene før fulgane rekk å spreia frøa og lar grasklipparen kutta rotskota.

Hybridar
Heldigvis for nordiske roseelskarar har rugosaen hatt rikeleg tid til å spreia genene sine til ei rekkje hardføre hybridar; Hansaland, Ritusima, Robusta og Moje Hammarberg er døme på rugosa-hybridar det framleis lov å planta i norske hagar.

Bomskot?
Den norske plantearven må vi ta vare på.

Svartelistinga verkar likevel litt merkjeleg, sett frå ein vekstkommune truga av urbanisering. Har ikkje Miljøverndepartementet oppdaga at den største trusselen mot den norske plantearven er gravemaskiner, asfalt og betong?

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.