3 av 10 betalar ikkje

Andelen av elbilar som passerer bompengestasjonane i Askøypakken har no passert 28,3 prosent. Ordførar Terje Mathiassen vil ha slutt på dei økonomiske fordelane for elbilar.

3 av 10 som passerer bomstasjonane i Askøypakken køyrer elbil.
Nærare 3 av 10 som passerer bomstasjonane i Askøypakken køyrer no gratis.

Asketappane held fram med å kjøpa elbilar, sjølv om iveren etter å investera i denne biltypen har sunke noko siste halvåret.

Les: Svikt i bilsalet – elbilane inntek distrikta

Den høge andelen av elbilar gjennom bomstasjonane over går alle førehandsprognoser, og har ført til ein betydeleg svikt i inntektene til den bompengefinansierte vegutbygginga på Askøy.

Les: Kan det henda her?

Kommunestyret i Askøy har tidlegare nekta å gå med på å heva bompengane utover den generelle prisauken.

Les: Nektar å auka bompengane

Konfrontert med inntektssvikten appelerer ein lettare desperat ordførar Terje Mathiassen (A) no til Hordaland fylkeskommune om å arbeida for å få endra regleverket som gjev økonomiske fordelar for bruk av elbilar.

I eit brev til fylkeskommunen viser ordføraren til utkastet til Nasjonal Transportplan 2018- 2019 der det vert føreslege at takstfritaket for elbilar bør opphøra på ferjer og ved bompengefinansierte veganlegg utanfor byane.

Hordaland fylkeskommune vedtok i vår å innføra halv takst for elbilar på fylkeskommunale ferjestrekkjer.

Les: Frykta erstatningskrav på eit 10-tals millionar

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s