Sartor Storsenter avanserer

Ombygging og nyopningar i Sartor Storsenter har lokka strilar og bergensarar til å opna lommeboka. Handlesenteret på Straume var det raskast veksande handlesenteret i Norge i første halvår.

Sartor Storsenter slik det tek seg ut frå Sartorvegen. Andre byggjesteget vart opna sist haust.
Med ein vekst i omsetnaden på 7,5 prosent var Sartor Storsenter det raskast veksande kjøpesenterer i Norge i første halvår.

Fjellsokningane sitt eige handlesenter har hatt ein auke i omsetnaden på 7,5 prosent dette året. Senteret er dermed det handlesenteret i landet som kan visa til sterkast vekst i første halvår, ifølgje Dn.no. Oversikten er utarbeida av Kvarud Analyse.

Oppover på lista
Publikum sin nyfikne over den nye butikkmiksen har ført Sartor Storsenter eitt hopp oppover på lista over norske handlesenter med høgast omsetning. Handlesenteret er no det nest største i Bergensområdet, og ligg no på 13. plass over norske handlesenter målt etter omsetnad, ifølgje Dn.no.

Oppgjev ikkje omsetnad
Den samla omsetnaden til butikkane i senteret framkjem ikkje.

Dei ni første månadane i fjor hadde Sartor Storsenter eit omsetnad på 1,25 milliardar kroner, ifølgje Finansavisen. Det var nok til å sikra senteret ein 14. plass i nasjonal samanhang.

Les: Sartor på 14. plass.

Lagunen
Størst i Bergensområet er Lagunen. Trass i ein beskjeden vekst på 0,8 prosent ligg Lagunen framleis på ein 2. plass i norsk samanhang. I dei tre første kvartala i fjor omsette senteret for 2,16 milliardar.

På 19. plass finn vi Vestkanten. Handlesenteret på innsida av Sotrabrua har dotte to plassar på den nasjonale rankinga samanlikna med fjoråret.

Olav Thon
Sartor Storsenter vert eigd 60 : 40 av Olav Thon Eiendom ASA og dei lokale gründerane bak Sartor Holding AS.

Les: Kjøpesentergründarar har skapt gullgruve på Straume

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s