Vil revidera kommuneforvaltninga

Investeringar innan vatn og avløp, arkivering og bemanning av barnehagar, er tre av dei tolv punkta Kontrollutvalet i Askøy tilrår Kommunestyret å prioritera i planen for Forvaltningsrevisjonsarbeidet komande fireårsperioden.

økonomi, produktivitet, måloppnåing og verknad av politiske vedtak vert systematisk gjennomgått og vurdert.
Ein forvaltnignsrevisjon inneber at kommunen sin økonomi, produktivitet, måloppnåing og verknad av politiske vedtak skal gjennomgåast og vurderast systematisk.

Kommunelova pålegg Kontrollutvala å sørga for at det vert utført jamnlege forvaltningsrevisjonar av den kommunale forvaltninga.
Ein forvaltningsrevisjon inneber at kommunen sin økonomi, produktivitet, måloppnåing og verknad av politiske vedtak vert systematisk gjennomgått og vurdert.

Kommunestyret har i fleire saker siste halvåret bede om at konkrete tema vert tekne opp i samband med Forvaltningsrevisjonen.

Les: Vassverksbudsjett på leirgrunn

No tilrår Kontrollutvalet i Askøy Kommunestyret å vedta ei liste med 12 forvaltningsområde som bør prioriterast dei neste fire åra:
– Investeringar innan vatn og avløp
– Bemanning i barnehagar
– PPT og vedtak om spesialundervisning
– Vedlikehald av kommunale bygg
– Oppfølging av barn med særskilde behov i barnehagen
– Saksførebuing og vedtaksoppfølging
– Helsestasjon og skulehelsetenesta
– Samhandling mellom teknisk avdeling og avdeling for areal og samfunn
– Arkivering og journalføring
– Innleige av konsulentar
– Tilpassing til samhandlingsreforma

Dei prioriterte punkta er henta frå ein analyse konsulentverksemda Deloitte har utført på oppdrag frå Kontrollutvalet. Analysen konkluderer med 15 forvaltningsområde som vert antekne å ha høg risiko. I tillegg er det føreslege 23 område med middels risiko.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s