Slik vil Avinor unngå helikopter over tett befolka Litle Sotra

Avinor har utarbeida tre forslag til nye helikoptertrasear som kan føra helikoptertrafikken vekk frå dei tettast befolka områda i Sotra og Øygarden, framkjem det av eit kart Tunnelsyn har fått tilgang til.

Rute 1, 2 og 3 er Avinor sine forslag til korleis helikoptertrafikken kan passera over Sotra utan å gå over det som i dag er tett befolka område.
Rute 1, 2 og 3 viser Avinor sine forslag til korleis helikoptertrafikken kan passera over Sotra utan å fly over det som i dag er tett befolka område.

Avinor sitt kart over støytilpassa helikoptertrasear viser dagens ruter, og forslaget til nye ruter, opp mot ein bakgrunn av befolkningstetteleik i Fjell, Sund, Øygarden og Bergen.

Traserar som berører færre
Dei nye traseane som er merka 1, 2 og 3, kjem alle inn over tynnt befolka område i Fjell og Sund. Ingen av forslaga til nye trasear passerer over Øygarden.

– Avinor ønskjer å finna helikoptertrasear som kan berøra færre innbyggjarar enn i dag, seier direktør Aslak Sverdrup i Avinor i ein kommentar til Tunnelsyn.

Sørleg rute
Rute 1 kjem inn like nord for Golta i Sund, om lag der den sørlege innflyginga går i dag. Den tek deretter ein meir nordleg retning enn dagens, fortset nordom Kausland og kryssar Raunefjorden eit stykke nord for Lerøy.

Over Bjorøy
Rute 2 kjem inn over Lokøy i Fjell og går deretter nord for dei tettbygde områda langs Fv. 559. På austsida av Store Sotra kjem ruta ut like sør for Søre Bildøy og knekkjer deretter søraustover mellom Ekerhovd og Ebbesvik og over Bjorøy.

Berører flest
Den tredje og nordlegaste traseen er den som ser ut til å berøra flest innbyggjarar i Fjell. Ruta kjem inn frå nordvest like sør for Kårtveit og går deretter søraustover på vestsida av Knappskog og Kolltveit til Søre Bildøy der ho føl same traseen som rute 2 søraustover og over Bjorøy.

Ønskjer ikkje å kommentera
Kartet er eit resultat av fleire arbeidsmøter mellom Avinor og kommuneleiinga i Fjell, Sund og Øygarden, og forslaget er no til høyring i kommunane.

Avinorsjefen ønskjer ikkje å utdjupa innhaldet i kartet:

– Det endelege kartet kan verta slik, eller det kan verta heilt annleis. Kartet er eit internt arbeidsdokument, og er verken ferdig diskutert eller avklart med kommunane, legg Sverdrup til.

Helikopterhavariet
Innbyggjarane i Fjell, særleg på Litle Sotra, har i lang tid klaga over støy i tilknyting til helikoptertrafikken frå felta i Nordsjøen og til Flesland. På ein vanleg dag kan det passera eit 20-tals helikopter over hustaka.

Men helikoptertraseane dreier seg ikkje berre om støy. Det tragiske helikopterhavariet over Turøy i vår der 13 personar omkom, viste at samfunnstryggleik også bør vera eit argument for å leggja om dei noverande rutene. Eit minutt seinare, og helikopteret kunne ha dotte ned over rådhuset i Fjell.

Les: Helikopterhavariet aktualiserer behovet for ny innflygingstrase

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.