Fjell-ordføraren får (framleis) helikopter over hustaket

Det vert formannskapet og kommunestyret i Fjell som skal seia siste ordet om Avinor sitt forslag til nye trasear for helikoptertrafikken over Sotra.

Bjorøy ligg midt i traseen for helikoptertrafikken. Vert Avinor sitt forslag til nye ruter vedteke, vil ordførar Marianne Bjorøy i Fjell framleis få helikoptera over hustaket.
– Det må eg leva med, her må vi sjå omsynet til heile kommunen under eitt, seier Fjell-ordførar Marianne Bjorøy. Bjorøy ligg midt i traseen for helikoptertrafikken. Vert Avinor sitt forslag til nye ruter vedteke, vil ho framleis ha helikopter over hustaket.

Ordførar Marianne Bjorøy i Fjell har ikkje sett Avinor sitt utkast til støytilpassa helikoptertrasear over Sotra og Øygarden før ho får det presentert av Tunnelsyn. Ho har heller ikkje rukke å referera med kommunelegen som har vore Fjell kommune sin representant i arbeidsgruppa.

Les: Slik vil Avinor unngå helikopter over tett befolka Litle Sotra.

Opptek svært mange
Saka er for viktig til at kommunelegen kan ta avgjersla på eiga hand:

– Dette er ei sak som opptek svært mange. Det vil difor verta ei sak for formannskapet og kommunestyret å avgjera, seier Bjorøy som reknar med at saka kjem opp på politikarane sitt bord i løpet av hausten.

– Alternativ 3, over Kårtveit og langs Knappskog og Kolltveit, ser ut til å vera det forslaget som berører flest innbyggjarar, konstaterer Bjorøy. Før ho har hatt samtalar med kommunelegen og med Avinor, ønskjer ho ikkje seia så veldig mykje meir om dei føreslegne støytilpassa helikoptertraseane.

Vanskeleg å unngå heilt
– Sotra ligg der det ligg. Det vert vanskeleg å unngå helikoptertrafikk heilt. Å seia at traseane bør gå lenger nord, over Øygarden, eller lenger sør, over Sund, vert vanskeleg, seier Fjell-ordføraren som først vart merksam på denne saka medan Jan Utkilen var ordførar (2003 – 2007).

No håpar Fjell-ordføraren at ein endeleg kan verta samde om helikoptertrasear som alle kan leva med.

– Må leva med
– Vi kan aldri gjera alle til lags. I slike saker vil det alltid vera nokon som vert misnøgde, seier Bjorøy.

Vert dette kartet vedteke vil Fjell-ordføraren sjølv framleis ha helikoptertrafikken over hustaket sitt, omlag som i dag.

– Dei fleste helikoptra vil koma over Bjorøy, om lag rett over huset mitt, men det må eg leva med. Her må vi sjå på omsynet til heile kommunen, seier Bjorøy.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s