Basecamp RePro – eit annleis tilbod om arbeidspraksis

40 slitne syklar, seks ungdomar og ein sykkelverkstad. Det er startkapitalen for Basecamp RePro, eit annleis tilbod til ungdom som er i ferd med å falla utanfor og som treng arbeidspraksis.

Dagleg leiar Nils Ivar Honningdal saman med Fredrik Titland som har vore med å utforma det nye tilbodet.
Alt dreiar seg om syklar. Dagleg leiar Nils Ivar Honningdal saman med Fredrik Titland som har vore med å utforma det nye tilbodet. Titland har også måla Basecamp-skiltet i bakgrunnen.

Ikkje alle ungdomar finn seg tilrette i det offentlege utdanningsløpet. BaseCamp Repro skal vera eit tilbod til unge i alderen 16 – 26 som har droppa ut av skulen, som ikkje får læreplass eller som kjem til Norge utan å skjøna språket.

I dag var det høgtidleg opning i dei nye lokala i den tidlegare fotobutikken i Minimarkedet på Straume.

Førebyggjande tiltak

- Eit kinderegg, sa ordførar Marianne Bjorøy under den høgtidsame opninga.
– Eit kinderegg. Opplæring, praksis og gjenbruk i eitt, sa ordførar Marianne Bjorøy under den høgtidsame opninga.

Basecamp er eit førebyggjande tiltak for barn og unge i tilknyting til Sartor Storsenter. Bak tiltaket står Fjell Kirkelige Fellesråd, Sartor Storsenter og Fjell kommune.

Etter 12 år er tida mogen for å ta tilbodet eitt steg vidare. Basecamp RePro er eit 3-årig forsøksprosjekt med støtte frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Her skal unge som står i ferd med å falla utanfor få ein stad å møtast, læra å reparera gamle syklar og visa at dei duger – til vidare skulegang, til arbeid eller til andre typar arbeidsretta tiltak, sa dagleg leiar Nils Ivar Honningdal.

Så god som ny
At det nye tilbodet opnar 16. september – på dagen eitt år før opninga av Sykkel VM i Bergen er ikkje tilfeldig.

Ein viktig partnar i samarbeidet er det kommunale renovasjonsselskapet FjellVar. Alle syklar som kjem inn til gjenbruksstasjonen på Straume vert henta og reparerte av ungdomane ved senteret. 40 syklar står klare til å pussast opp, og på mandag kjem dei seks første ungdomane.

Dei nyoppussa syklane skal seljast, og senteret reklamerer også med at dei kan påta seg «drop-in»-reparasjonar.

Alternativ modell
I motsetnad til andre tilbod om arbeidspraksis, satsar Honningdal og hans fem – seks medarbeidarar på å utvikla ein alternativ og fleksibel modell som kan gripa fatt i utfordringar som samarbeidspartnarane i NAV, barnevernstenesta, oppfølgingstenesta i Hordaland og flyktningetenesta ikkje maktar å løysa.

Ungdomane skal kunna ha Basecamp RePro som eit «venterom» i alt frå nokre veker til 2 – 3 månadar, alt etter som.

-Vi er veldig spente på korleis tilbodet vil utvikla seg, seier Honningdal som alt no har bestemt seg for at dette skal verta noko meir enn eit 3-årig forsøksprosjekt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s