Sjeføkonom ser lysning også for oljeverksemdene

Bergen har klart oljenedturen langt betre enn Stavanger, og no meinar sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i SpareBank 1 SR-Bank å sjå lysning også for offshoreverksemdene.

Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i SpareBank 1 SR-Bank meinar å sjå lysning for vestnorsk offshorenæring.
Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i SpareBank 1 SR-Bank meinar å sjå lysning for vestnorsk offshorenæring.

Over sommaren har det skjedd ein markant betring i framtidstrua hos verksemder i Hordaland, Rogaland og Agder, hevdar sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i SpareBank 1 SR-Bank.

Sjeføkonomen var i Bergen i dag for å leggja fram banken sitt konjunkturbarometer, basert på ei undersøking hos 600 verksemder i Rogaland, Hordaland og i Agder-fylka.

Forventningar til framtida
Barometeret oppsummerer verksemdene si økonomiske utvikling siste 12 månadane, saman med forventingane for det komande året. Spørsmåla omfattar forventningane til utviklinga i talet på årsverk, omsetnad, lønsemd, planar for investeringar og ordrereservar.

Aukande optimisme
auka-forventningar-hos-oljeberksemdeneOver sommaren har banken registrert ein markant auke i optimismen hos verksemdene. Fleirtalet av verksemdene ventar vekst det komande året. Det gjeld uansett bransje, med unntak av bygg og anlegg.

Offshoresektoren
Også verksemder i oljesektoren er blitt meir positive. Framleis er det likevel berre 43 prosent av dei som i stor grad henvender seg mot rigg- og offshoremarknaden som deler framtidsoptimismen.

– Vi ser snart botnen for oljeverksemdene, hevda sjeføkonom Kyrre Knudsen i SpareBank 1 SR-Bank.

– Om dette var oljenedturen for denne gong, at oljeprisen sank frå 120 til 50 dollar fatet, så viser det kor robust den norske økonomien er, seier Knudsen.

Bergen har klart seg best
utviklinga-i-byane– Bergen er den byen på Sør-vestlandet som har klart seg best gjennom oljenedturen. Hotell- og turistnæringa går så det susar. Det same gjer havbruksnæringane. Stort mangfald i det lokale næringslivet medfører at halvparten av verksemdene i Bergensområdet forventar vekst det komande året.

– Bergen vil verta ein av dei mest attraktive byane i verda dei komande tiåra, hevda Knudsen med referanse til ei undersøking gjennomført av det internasjonale konsulentselskapet McKinsey.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s