Rivinga av Skålevikdemninga har starta

Gravemaskina har lenge stått klar og venta på å setja grabben i fjellsokningane sitt tidlege industrimonument Skålevikdemninga. Rivinga starta like før helga.

Opninga av muren viste at kjernen av torv forlengst har blitt omgjort til mold.
Opninga av muren avslørte at kjernen av torv forlengst har blitt omgjort til mold.

Skåleviksdemninga ligg i utmarka mellom Skålvik, Morland og Ulveseth, kring 1,5 kilometer å gå frå bommen ved Fv. 210 på Skålevik.

Les: Skålevikdammen: Date an Alien from Urbania

Forfall

Skåleviksdemninga før gravemaskina starta rivinga..
Skåleviksdemninga før gravemaskina starta rivinga. Biletet er teke frå same staden som biletet over.

Den store, handmura demninga vart oppført kring 1880, og vart bygd som ein dobbelt mur med torv i midten. På toppen var det gangveg.

Oppgjennom åra har torva sige, og det har vakse tre på toppen av demninga. Saman med vatn og is hadde trerøtene sprengt vekk eindel av steinane i muren. Forfallet gjorde at det ikkje lenger var trygt å ferdast på toppen av demninga.

Omgjort til mold
Opninga av muren avslører at torva som utgjorde kjernen i muren forlengt har blitt omgjort til mold.

Oppsida av deminga er framleis heil.

Industrimonoment

Oppsida er framleis urørt. I forgrunnen ser vi den nye deminga som skal sikra vassforsyninga til Austefjorden Smolt i framtida.
Oppsida av demninga er framleis urørt. I forgrunnen ser vi den nye deminga som skal sikra vassforsyninga til Austefjorden Smolt i framtida.

Skåleviksdemninga vart laga for å sikra vasstilførsla til mølla i Skålevik. Frå 1916 utgjorde demninga grunnlaget for første kraftverket i Fjell.

Restar av muren skal framleis bli ståande, som eit minne over den tidlegaste industrien i Fjell.

Fleire helgeturar kan du lesa om her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.