Rekordavtale til ACOS

I Trollhaugmyra har dei underteikna avtaler med ein samla framtidig verdi til over eit 100-tals millionar siste månadane. No søkjer programvareselskapet på Straume etter IT-folk.

Medan offshorebransjen på Sotra slit, står storkundane i kø for programvareutviklaren ACOS AS.  Like før helga vart det kjend at IT-verksemda i Trollhaugmyra på Straume har vunne konkurransen om levering av nytt sak- og arkivsystem til Oslo kommune.

Rekordavtale
– Dette er den klart største avtalen ACOS har inngått i løpet av vår 19-årige historie. Det gjeld både tal på brukarar og målt i økonomisk verdi, seier ein strålande glad dagleg leiar Bent-Inge Storheim i ACOS AS til Tunnelsyn.no.

Les: Gamechanger frå Sotra

Oslo kommune er ein av dei største arbeidsgjevarane i landet, og dette vert ei av dei aller største leveransane av sak- arkivløysing som nokon gong er gjennomført her til lands.

I heile konsernet
Systemet skal takast i bruk i samtlege av dei 53 etatane i landets største kommune. Nokre av etatane nyttar allereie løysinga. Om nokre år kan meir enn 20.000 – 30.000 av dei 50.000 tilsette i Oslo kommune vera brukarar av systemet, anslår Storheim.

150 millionar?
Innføringa skal skje over lengre tid. Den eksakte kontraktverdien er difor vanskeleg å fastslå i dag. Eit lågt anslag tilseier 50 millionar kroner. Mellom anna avhengig av talet på brukarar og tempo i innføringa, kan den totale verdien over nokre år koma til å overstiga 150 millionar kroner, antydar den daglege leiaren i ACOS.

Nytilsetjingar
For å handtera oppgåvene reknar Storheim med å måtta tilsetja 20 -30 personar dei komande åra. I år reknar han med å tilsetja ein person i månaden. Erfarne utviklarar og leveransekonsulentar står øvst på ønskjelista.

Aleine om å oppfylla alle krav
Acos var einaste leverandøren som oppfylte samtlege av Oslo kommune sine krav og som deltok i sluttforhandlingane om leveransen, ifølgje Storheim.

Avtalen omfattar standardløysinga Acos WEB-sak, med sak-, arkiv og dokumentbehandling. Systemet nyttar den digitale arkivstadarden NOARK-5.

Redusert risiko

Avtalen om å samkøyra dei digitale arkiva til dei tre kommunen som går saman i nye Sandefjord kommune vil verta ei veldig god erfaring med tanke på å konkurrera om tilsvarande løysignar i andre nye kommunar, seier dagleg leiar Bent-Inge Storheim i ACOS AS.
Avtalen om å samkøyra dei digitale arkiva til dei tre kommunen som går saman i nye Sandefjord kommune frå komande årskifte vil verta ei veldig god erfaring med tanke på å konkurrera om tilsvarande løysignar i andre nye kommunar, seier dagleg leiar Bent-Inge Storheim i ACOS AS.

Tidlegare i år har Acos inngått tilsvarande avtalar, om enn i mindre omfang, med nye Sandefjord kommune og med Gjøvik kommune. Kvar av avtalane kan innebera kring 3.000 nye systembrukarar.

Avtalen med nye Sandefjord inneber at ACOS skal samkjøra sak- arkivløysingane til tre kommunar, levert av to ulike leverandørar. Systemet skal vera oppe å stå alt ved komande årskifte.

– Sidan Sandefjord kommune har kjøpt eit standard sak- arkivsystem basert på kjende modular, er leveransen forbunde med vesentleg mindre risiko enn om dei hadde kjøpt eit utviklingsprosjekt, seier Storheim.

Kommunesamanslåingar
ACOS-leiaren reknar med at programvarselskapet på Straume no har fått eit godt utganspunkt for konkurrera om framtidige avtaler som vert utlyste i samband med vedtekne kommunesamanslåingar.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.