Sender Misjeelevane til Øygarden?

I iveren etter å visa makt og leggja ned skular, gløymte politikarane i Fjell kostnadane med naudsynte ombyggingar av dei attverande skulane. No har KDF fått rekninga for påbygginga av Landro-skulen på nær 60 millionar. Resultatet kan verta at komiteen vel å be Øygarden om lov til å senda elevane frå Turøy og Misje til Toftøy skule nordom kommunegrensa.

Det hastar med å byggja ut Landro skule. Foto: Landro skule/Fjell kommune.
Det hastar med å byggja ut Landro skule. Foto: Landro skule/Fjell kommune.

(Saka er oppdatert)

Mot fire røyster tilrådde Komite for Drift og forvaltning i går at det vert sett i gang arbeid med å utgreia ei eventuell overflytting av elevar frå Turøy og Misje til Toft skule i Øygarden.

-Denne saka er for viktig til å koma opp som eit tillegg til saka om den høgst tiltrengte oppgraderinga av Landro-skulen, innvende Hege Misje (SL). Ho såg helst at punktet vart teke ut og fremma som eiga saka på eit seinare tidspunkt.

Misje fekk støtte frå Kristin Brennhaug (KrF), Ingunn Stenehjem (FrP) og Monica Alvheim (MDG).

60 millionar til Landro
Ein samrøystes komite tilrår at det vert avsett 60 millionar kroner til oppgradering av Landro skule.

Sprengt skulekapasitet
Med 200 elevar på ein skule med plass til 180, er kapasiteten ved Landro skule for lengst sprengt. Spesialrom som sløydsal og skulekjøken må nyttast som vanlege klasserom. Arbeidstilsynet nektar kommunen å gje ferdigattest for brakkeriggen som skulle ha fungert som avlastning, framkjem det av sakspapira til morgondagens møte i Komite for Drift og Forvaltning.

To parallelle klassar
Nye prognoser for folkeveksten i området tilseier at Landro skule bør byggjast ut til å ha plass til 300 elevar fordelt på to parallelle klassar på trinna 1 – 7. Ei utbygging som vil kosta nær 60 millionar. 28,1 millionar meir enn det som vert føresett i økonomiplanen.

Negative ringverknadar
Plassproblema på Landro skapar negative ringverknadar for skulesituasjonen i heile Nordre Fjell.

Misje skule
Misje skule skulle ha vore lagt ned alt denne hausten, ifølgje den nye skulebruksplanen. No er nedlegginga utsett i påvente av meir plass på Landro. Noko som kostar Fjell kommune 5,5 millionar i ekstra årlege utgifter.

Til Øygarden?

Komiteleiar Ernst Morten Einarsen (H) i KDF får ansvaret for å rekna på kva som vert rimelegaste skuletilbodet for elevane frå Misje og Turøy.
Komiteleiar Ernst Morten Einarsen (H) i KDF får ansvaret for å rekna på kva som vert rimelegaste skuletilbodet for elevane frå Misje og Turøy.

Rådmann Steinar Nesse tilrår at Komite for Drift og forvaltning får i oppgåve å vurdera korvidt Misje skule bør leggjast ned straks, og at elevane frå Turøy og Misje heller bør bussast nordover til Toftøy skule i Øygarden, framfor å venta på ei utviding av Landro skule.

Les: Rapport som bestilt

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s