Verda kjem til Sotra, Øygarden og Askøy

Sykkel VM er eit av de aller største idrettsarrangmenta i verda. Om eitt år er det vår tur til å vera vertskap.

Slik kan folkefesten arta seg på Ågotnes i september neste år, tenkjer kultursjefen i Fjell.
Slik kan folkefesten koma til å arta seg på Ågotnes i september neste år, tenkjer kultursjefen i Fjell.

Dagane 16. – 24. september 2017 vil gå inn i Sotrastrilen sin hsitorie som ein gedigen folkefest. Arrangementet kan og verta eit påskot for ei sterkare lokal satsing på sykkel som folkehelsetiltak. Sykkel VM var tema for årets Kystby-seminar.

Begge fellesstartane i finalen vil skje frå Rong i Øygarden. Alt no glødar kommunen av  VM-engasjement.  Starten på lagtemporitta vil gå frå Ravanger på Askøy.

Promotering

Sjølv Thor Hushovd fekk slita opp bakkane til Fløien. Etappen vil skilja oss ut frå samtlege sykkel VM i historien.
Sjølv Thor Hushovd fekk slita opp bakkane til Fløien. Etappen vil skilja oss ut frå samtlege sykkel VM i historien.

Ikkje minst vert dette ein fantastisk anledning til å promotera Bergensområdet som reiselivsdestinasjon. 500.000 tilskodarar vil koma hit frå heiel verda for å følja arrangementet på nært hald. Ikkje mindre enn 300 millionar TV-sjåarar kjem til å følja med på dei 12 ritta frå sofakroken der dei bur, lova sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen tilhøyrarane.

Varig effekt
Kommunane i vest, saman med næringslivet, har eitt år på seg til å planleggja korleis vi bør gå fram for å sikra at Sotra, Øygarden, Askøy og Bergen for framtida skal sikrast ein plass som folk verda over vil forbinda med sykkel.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s