Får byggja større hus på små tomtar

Fjellsokningar som ønskjer å byggja på små tomtar i regulerte felt får heretter lov til å byggja større hus.

50 kvadratmeter til garasje og parkering vert rekna inn i byggjearealet (BYA), sjølv om husbyggjaren ikkje har planar om å byggja garasje.
50 kvadratmeter til garasje og parkering vert rekna inn i byggjearealet (BYA). Det gjeld også dersom husbyggjaren slett ikkje har planar om å byggja garasje.

Attverande strøtomtar i etablerte byggjefelt er ofte små. Så små at dei i praksis ikkje kan byggjast på dersom kommunen sine krav til maksimal utnytting skulle handhevast.

Les: Frådelte tomtar vert for små til å byggjast på

Krava til maksinal tomteutnytting (BYA) oppgjev kor stor del av tomten skal kan bebyggjast. Når kommunen sine krav til avsett areal til garasje og parkering vert tekne med i reknestykket, vert det ikkje så veldig mykje att av ein tomt på under 400 kvadratmeter.

Unngå dispensasjonar
For å unngå ein straum av dispensasjonssøknadar, skal maksimal utnytting av tomtar i regulerte byggjefelt utan krav til maksimal utnytting (BYA) i reguleringsplanen hevast, vedtok Komite for Plan og utvikling i går.

I Straumeområdet (sone 1) skal grensa hevast frå 25 prosent til 35 prosent. For resten av Litle Sotra, og sona frå Kolltveit til Ågotnes (sone 2) , vil BYA no verta auka frå 20 til 30 prosent. I resten av kommunen vil utnyttingsgraden heretter vera 25 prosent, mot 20 i dag.

Mindre strengt
Vedtaket inneber at byggjesaksavdelinga sine krav til maksimalt uteopphaldsareal vil verta mindre strengt handheva for desse tomtane.

Kjell Rune Garlid
Arealplanen sine begrensningar på maksimal utnytting av frådelte strøtomtar er for strenge, meinar Kjell Rune Garlid i Sotra Lista.

Kjell Rune Garlid (SL) var den som først tok opp problemet:

-Vi fekk då auka utnyttingsgraden litt, men vedtaket gjeld berre gamle regulerte tomtar, seier Garlid ein ein kommentar til Tunnelsyn.no..

Utanfor regulerte felt
– Same reglane burde gjelda også for frådelte tomtar utanfor regulerte område, legg Garlid til.

Utnyttingsgraden av tomtar utanfor regulerte felt vert definerte i arealplanen, og var ikkje tema for gårsdagens møte. For slike tomtar må husbyggjarar som ønskjer ei høgare tomteutnytting framleis søkja om dispensasjon.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s