Rekninga for Sotrasambandet kan enda på 20 milliardar

Når OPS-avtalen for Sotrasambandet vert lyst ut på anbod, kan kostnadsramma koma til å overstiga 20 milliardar kroner.

Sotrasambandet
Det nye Sotrasambandet kan koma til å kosta Sotrastrilen dyrt.

Ei rekkje milepælar står enno att å passera før bygginga av Sotrasambandet kan ta til. Går alt på skinner, kan bygginga tidlegast ta til å 2020, og opninga skje i 2023, orienterte prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens Vegvesen formannskapet i Fjell i dag.

Til Stortinget i 2017?
Statens vegvesen tek sikte på at bompengesøknaden kan behandlast i Stortinget før jul i 2017, orienterte Helge Sandvik i Statens vegvesen.

Bompengesøknaden tek utgangspunkt i ei anteken smertegrense for bilistane sin betalingsvilje: Ein takst på 45 kroner ein veg medrekna rabatt, er det ein trur bilistane er villige til å betala. Talet på køyretøy har ein trafikktal som viser. Søknaden tek dessutan høgde for at 10 prosent av bilane er elbilar som passerer gratis.

Les: 3 av ti betaler ikkje

– Resten av finansieringa vert det opp til Staten å finna, sa Sandvik.

Finansiering og drift
Det at Sotrasambandet er vedteke som eit OPS-prosjekt, inneber at OPS-leverandøren som skal byggja sambandet må rekna inn kostnadar med både finansiering og drift i den 20 – 25 år lange avtaleperioden i anbodet. Noko som vil fordyra prosjektet kraftig, samanlikna med dei kostnadane som Statens vegvesen til no har gått ut med.

Før Vegdirektoratet kan lysa sambandet ut på anbod, er dei nøydde til å utarbeida tre ulike og svært detaljerte kostnadsoverslag, ifølgje Sverre Ottesen i Statens vegvesen.

Tilleggskostnadar
Det siste overslaget over anleggskostnadane vart utarbeida våren 2015, og laud på 8,9 milliardar kroner. Det må oppdaterast for å få med alle tilleggskostnadar, mellom anna med å opparbeida ein ny kollektivterminal i Godvik/Loddefjord, og ta omsyn til prisauken.

Drift like kostbart som bygging?
Å utarbeida kostnadsoverslag over drift, er noko heilt nytt for Statens vegvesen.

– For ein 25-års periode kan driftskostnadane koma til å utgjera like mykje som anleggskostnadane, antyda Ottesen, utan å ha konkrete tal å visa til.

Over 20 milliardar?
Å ta inn desse kostnadane vil fordyra prosjektet samanlikna med ordinære vegprosjekt. Når alle kostnadane er rekna med, kan anbodsramma for OPS-prosjektet koma til å overstiga 20 milliardar kroner.

Bompengane vert venta å villa finansiera fire milliardar kroner. Berre to milliardar er så langt øyremerkja til ny Sotrabru i Nasjonal Transportplan.

Les: Ba Stortinget om 4,9 milliardar til Sotrasambandet

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s