Streikar for oljeserviceavtalen

Åtte offshoretilsette i Oceaneering Asset Integrity på Straume er mellom dei 300 som LO-forbundet Industri Energi har teke ut i streik.

LO-forbundet Industri Energi har teke ut 300 medlemmar i streik. åtte av dei jobbar hos Oceaneering Asset Integrity As på Straume.
LO-forbundet Industri Energi har teke ut 300 medlemmar i streik. åtte av dei jobbar hos Oceaneering Asset Integrity As på Straume.

Dei åtte, som alle er tilsette som driftsinspektørar, jobbar på Oseberg Feltsenter, Snorre A og B og på Sleipner feltet, fortel fagforeiningsleiar Tord Eirik Myrvang i Oceaneering Asset Integrity AS på Straume til Tunnelsyn.no.

Streiken vil førebels ikkje få konsekvensar for den ordinære produksjonen av olje og gass på plattformane.

Handlar mest om prinsipp
– Streiken handlar meir om prinsipp enn om kroner og øre, seier Myrvang.

Tilsette innan oljeservice har hatt lågare løn og generelt dårlegare vilkår enn tilsette innan operatør, boring og forpleining. Når Industri Energi no tek ut 300 medlemmar i streik, er det for å hindra at gapet vert større, seier Myrvang.

Hindra at lønsgapet aukar
Industri Energi er med sine 6.000 medlemmar største fagforeininga offshore. Dei reagerer på at den konkurrerande fagforeininga SAFE, med berre 600 medlemmar, klarte å forhandla seg fram til betre vilkår enn det Industri Energi vart tilbode.

– SAFE klarte å forhandla seg fram til eit årleg tillegg på 3.000 kroner. For å redusera lønsgapet krev vi eit tillegg for kring 5.600 for våre medlemmar, seier Myrvang.

Oljeserviceavtalen i spel
Dette handlar like mykje om at det ikkje er fagforeiningsmyggen SAFE, men Olje Energi som skal leggja føringane for framtidige lønsforhandlingar.

– Om SAFE får leggja føringane, risikerer dei at heile oljeserviceavtalen ryk, åtvarar Myrvang.

Feilinformasjon
– Motparten Norsk Olje & Gass hevdar oljeservicetilsette organserte i Olje Energi har ei snittløn på 630.000 og fleire hundretusen i årlege tillegg. Er det rett?

– Det høres mykje ut. Opplysninga om at vi skal ha fleire hundretusen i tillegg er ikkje reelt for vår del, seier Myrvang.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s