Vil ha Bildøyvegen ut av TS-planen

Å binda opp 20 millionar kroner i ei utbetring av Bildøyvegen, så lenge det er 100-vis av små trafikksikringstiltak kring om i kommunen som ikkje vert utført, vil ikkje medlemmane i Komite for Drift og forvaltning utan vidare vera med på.

Bildøyvegen. Trafikksikring
Gamlevegen over Bildøy er skuleveg, men manglar gang- og sykkeveg. Bussen må stoppa og venta for at privatbilane skal kunna smyga seg forbi.

Arbeidsgruppa for Trafikksikringsplanen for 2016 – 2020 har fått svært mange innspel om hardt tiltrengte tiltak som kan tryggja skulevegen for ungane våre. Dei fleste tiltaka er tekne med i utkastet til plan, men utan midlar. Storparten av dei 28 millionane som står til rådvelde for trafikksikring vart i staden tilrådd nytta til utbetring av Bildøyvegen med gang- og sykkelsti.

Les: 0-visjon for trafikksikring

– Det er uheldig å binda opp 20 millionar kroner i ein veg som ikkje ein gong er ferdig regulert, innvendte Eva Vik (A).

Ho fekk støtte mellom anna frå Hege Misje (SL) som meinte at andre tiltak heller burde ha vore prioritert.

Sats på mindre tiltak
Med berre 28 millionar til fordeling over fire år, bør trafikksikringsmidlane heller gå til mange mindre prosjekt, hevda rådmann Steinar Nesse.

– Eit stort tiltak som utbetringa av Bildøyvegen bør takast ut av Trafikksikringsplanen og heller fremmast som eige prosjekt i samband med den føreståande budsjettdebatten, då vil vi kunna lånefinansiera tiltaket, tilrådde rådmannen.

Lytt til innspela!
– Dette vert akkurat som å tisse i buksa for å halda varmen. Når vi ber innbyggjarane om innspel, bør vi også visa at vi tek omsyn til dei, innvende Odd Arvid Valvatne (A).

– Vi er for uerfarne til å vita at vi kan skyva slike store prosjekt inn i investeringsbudsjettet, supplerte Hege Misje.

Utsett for omprioritering
Komiteleiar Ernst Morten Einarsen (H) såg at her er det duka for mange og store endringar. Han føreslo difor å utsetja saka, slik at medlemmane kan få områ seg om kva andre tiltak som heller bør prioriterast.

– Neste komitemøte vert etter budsjettkonferansen på Panorama. Då veit vi også korleis kommunestyret ser på det å fremma Bildøyvegen som eiga sak, støtta Nesse.

Skeptisk
Varaordførar Tom Georg Indrevik (H) er skeptisk til forslaget:

-Det vert ikkje meir pengar fordi om vi flyttar Bildøyvegen over på investeringsbudsjettet. Om vi må låna midlane, er det difor ikkje sikkert at det vert 28 millionar til trafikksikring, seier Indrevik i ein kommentar i Tunnelsyn.no.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s