Likestillingskonferansen 2016 – korleis sikra likestilling i det nye kommunestyret?

Tre kommunar skal bli ein. Tre kommunestyre med 80 folkevalde skal verta eitt, med 45 representantar. Likestillingskonferansen 2016 skal leggja føringar for å sikra at omsynet til likestillinga vert ivareteke i prosessen.

eidsvollforsamlingaSjølv med to kvinnelege ordførarar på rad, er likestilling i politikken ikkje noko ein kan ta for gitt. Likestillings- og diskrimineringsutvalet i Fjell arrangerer Likestillingskonferansen 2016 tirsdag 27. september på rådhuset.

– Kvinner representerer halvparten av innbyggjarane. Det er likevel langt att før vi har halvparten av representantane i politiske råd og utval, konstaterer utvalsleiar Tone Bubandt (A).

Kommunereforma
Å sikra kvinner lik representasjon vert ekstra viktig med tanke på kommunereforma og den føreståande utforminga av den nye storkommunen, tenkjer dei fem medlemmane i det politisk utnemnde utvalet.

Konferansen søkjer å henta erfaringar frå kommunesamanslåingar andre stadar i landet, og i utlandet. Kva bør vi tenkja på for å auka kvinneandelen, spør Bubandt.

Nasjonalt perspektiv
For å setja temaet i eit nasjonalt perspektiv har arrangørane henta avdelingsdirektør Mona Larsen-Asp frå Likestillings- og diskrimineringsombodet i Oslo til å halda hovudinnlegget.

Utstillingsvindauge

- Likestillingskonferansen er viktig i forhald til kommunereforma, seier leiar Tone Brubandt i Likestillings- og diskriminerignsutvalet i Fjell.
– Likestillingskonferansen er viktig i forhald til kommunereforma, seier leiar Tone Bubandt i Likestillings- og diskriminerignsutvalet i Fjell.

Men vi treng ikkje dra lenger enn til Øygarden for å få dokumentert at aktivt motivasjons- og rekrutteringsarbeid nyttar. Aud Karin Oen (SV) vil halda innlegg om erfaringane frå prosessen ”Utstillingsvindauge for kvinner i Politikken” i heimkommunen før valet i 2011.

Med målviten jobbing gjennom ein heil valperiode, økonomiske støtte frå Regjeringa og full support frå dåverande ordførar Otto Harkestad, klarte dei snu den rekordlåge kvinnerepresentasjonen i kommunestyret i Øygarden til ei knapp overvekt av kvinner; 12 av 23.

Les: Klar for Kvinnedagen: – Likestillingskampen har endra innhald

– Vi må rekruttera breiare, og vera medvitne på å kumulera kvinner på toppen av listene, oppsummer Oen erfaringane frå prosjektet.

Politisk debatt
Ordførar Børge Haugetun (TVØ) i Øygarden, varaordførar Tom Georg Indrevik (H) i Fjell og gruppeleiar Elizabeth Toft-Erichsen (V) i Sund vil halde korte innlegg og bidra i den etterfølgjande debatten.

– Konferansen skal informera om og motivera til likestilling i politiske råd og verv i den nye kommunen. Vi ønskjer og å inspirera kvinner til å la seg rekruttera til politiske verv. Dette vert startskotet for å sikra likestilling i det nye kommunestyret, seier Bubant.

Stiller du i Rådhuset på Straume kl. 18.00, kan du bidra i debatten om korleis vi kan sikra ei representativ fordeling av kjønna i det nye kommunestyret.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s