Fire fjellsokningar – tre menn og ei kvinne – har fått plass på Kapital sin oversikt over dei 400 rikaste i Norge.
Bladet Kapital offentleggjorde den årlege oversikten over norske milliardærar og andre med store formuar i denne vekas utgåve av bladet Kapital. På lista finn vi heile fire fjellsokningar.

Øverst av fjellsokningane, på ein 256. plass finn vi Magne Roar Sangolt (59) busett på Brattholmen. Trond Mohn sin nestkommanderande gjennom mange år driv no som investor på eiga hand og er god for 950 millionar kroner, har Kapital rekna ut.
Fiskebåtreiaren Peder Lie (68) frå Liaskjæret finn vi på ein 300. plass med ein formue på 800 millionar kroner. Berre sidan i fjor har formuen auka med 200 millionar.
Les: Basen på Liaskjæret
Les: Liegruppen verdset fiskekvotane til 436 millionar

Entrepenør og eigedomsinvestoren Atle Ulveseth (65) har plussa monaleg på formuen i 2016 samanlikna med året før. 700 millionar er 100 millionar meir enn i 2015. Han kvalifiserer no til ein 334. plass på oversikten.
Les: Offentlege prestisjeprosjekt i kø for Atle Ulveseth
Einaste kvinna er Cissel Møgster Algrøy (61) busett på Sekkingstad. Ho er søster til fiskebåtreiaren, offshorereiaren og fiskeoppdrettaren Helge Møgster frå Austevoll. Med ein formue på 650 millionar kroner kvalifiserer ho til ein 357. plass på Kapital sin oversikt.
Summane kan kanskje høyrast ufatteleg ut for oss med vanleg inntekt. Enno meir ufatteleg vert det når vi les at reiaren John Fredriksen (72) som tronar aleine aller øverst på lista har ein formue på 92 milliardar kroner. Han er god for nær dobbelt så mykje som Rimi-kjøpmannen Odd Reitan (65).