Kommunereforma: – Berget som fødde ei mus!

Medlemmane i formannskapet i Fjell er skuffa over Regjeringa sitt forslag til overføring av statlege oppgåver til kommunar som har valt å slå seg saman.

- Dette er berget som fødde ei mus, meinar Olav Kobbeltveit (V) om framlegget frå kommunaldepartementet til kva statlege oppgåver som bør overførast til kommunen i samband med kommunesamanslåinga.
– Dette er berget som fødde ei mus, seier Olav Kobbeltveit (V) om framlegget frå kommunaldepartementet til kva statlege oppgåver som bør overførast til kommunane i samband med kommunesamanslåinga.

Regjeringa bør vurdera saka på nytt før dei endeleg spikrar kva statlege oppgåver som skal overførast til kommunane i samband med kommunereforma, er politikarane i formannskapet i Fjell samde om etter ein gjennomgang av høyringsutkastet frå Oslo.

Lovnadsbrot
– Dette samsvarar ikkje med det Regjeringa har lova. Her har dei ein jobb å gjera på andre sida av fjellet, hevda Tom Georg Indrevik (H).

– Dette er berget som fødde ei mus, samstemte Olav Kobbeltveit (V).

Kven? Kva?
Ikkje alle hadde klart for seg kva det var dei eigentleg skulle senda merknad til. Egil Håland (A) og Odd Bjarne Skogestad (KrF) meinte begge at det er departementet, og ikkje Regjeringa, som er rette adressaten i dette tilfellet. Dette er berre eit førebels framlegg som kommunane skal drøfta, før Regjeringa legg det endelege forslaget fram for Stortinget.

Mange tema
Engasjementet var stort, og meiningane mange om kva andre statlege tenester politikarane gjerne vil ha kontroll over.

Barnevernet var eit tema fleire var opptekne av.

Indrevik la fram forslag om å ta med tannhelsetenesta, strandsoneforvaltning, forvaltning etter landbrukslova, fylkesvegar og fortidsminner i den endelege oppgåveoverføringa.

Mange parallelle prosessar
– Her skjer det mange parallelle prosessar samstundes. Dette er berre byrjinga, freista servicetorgsjef Lillian Torsvik å roa gemytta.

Fortenar gullmedalje
– Det å slå saman Fjell, Sund og Øygarden er krevjande. Vi gjer ikkje det berre å for å halda fram som i dag. Nye oppgåver er det som må til for å gjera kommunesamanslåinga interessant, sa rådmann Steinar Nesse.

– Grunnlaget for kommunereforma burde ha vore klargjort før ein vedtok samanslåinga. Fjell, Sund og Øygarden har gjort oss fortente til gullmedalje i departementet. Særleg gjeld det Øygarden der ordføraren snudde stemninga i kommunestyret, la Nesse til.

Etter litt om og men tilrådde eit samrøystes formannskap forslaget til Indrevik.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s