Granskingsrapporten offentleggjort: Statoil kan verta betre på helikoptersikkerhet

Sjølv om tryggleiken for helikoptertrafikken er høgt prioritert, har Statoil ein jobb å gjera når det gjeld helikoptersikkerhet og handtering av beredskapssituasjonar etter store ulukker som Turøy-ulukka.

No føreligg Statoil sin granskingsrapport om Turøy-ulukka.
No føreligg Statoil sin granskingsrapport om Turøy-ulukka.

Det kjem fram i Statoil sin eigen granskingsrapport som vart offentleggjort i dag.

Rapporten tek ikkje standpunkt til årsaka til den mest alvorlege helikopterulukka på norsk sokkel sidan 1997 og der samtlege av dei 13 om bord omkom. Det ansvaret er det Statens Havarikommisjon for Transport som har.

Høg prioritet
Trass i at helikoptersikkerhetsarbeidet har høg prioritet i Statoil, viser Turøy-ulukka 29. april at alvorlege ulukker kan skje. Oljeselskapet har gjennom fleire tiår vore ein nasjonal og internasjonal pådrivar for å styrka tryggleiken i ein bransje som mellom anna vert utfordra av aukane fokus på kostnadar, kjem det fram av rapporten.

Komplekst samspel
Helikoptertrafikken til og frå installasjonane i Nordsjøen er eit komplekst samspel med mange aktørar. Ikkje alle har like god forståing av si eiga rolle i arbeidet. Det kan difor vera vanskeleg å føresjå korleis einkeltavgjerder påverkar tryggleiken.

– Det er behov for å styrka arbeidet med å sjå samahangar mellom tekniske og kommersielle tilhøve som einkeltvis eller samla kan påverka tryggleiken. Det må utarbeidast ein klarare strategi for flytryggleik med ein tilhøyrande handlingsplan, lyd Statoil sin hovudkonklusjon på når det gjeld helikoptertryggleik.

Gjennomgang av organiseringa
Granskingskommisjonen tilrår at organiseringa av arbeidet med helikoptersikkerhet i selskapet vert gjenomgått for å sikra foreinkling og klarare omtale av dei einskilde rollene.

Snakk med fabrikantane
Sidan fleirtalet av dei siste helikopterulukkene offshore har skuldast designrelaterte svakheter, bør Statoil vurdera tiltak som kan leggja til rette for betre samhandling og informasjonsutveksling mellom helikopteroperatørane og fabrikantane.

Du kan lasta ned rapporten på Statoil si heimeside

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s