Politiske føregangskvinner i Fjell

Det går ein raud tråd frå Likestillingskonferansen 2016 tilbake til kommunevalet i 1907. På konferansen kan deltakarane få med seg mellom anna historien om kvinnevalet i 1967.

Det tok 97 år frå kvinnene fekk almenn røsyterett og til Eli Årdal Berland vart første kvinnelege ordførar i Fjell.
Det tok heile 97 år frå kvinnene fekk almenn røsyterett og til Eli Årdal Berland vart første kvinnelege ordførar i Fjell.

Eli Årdal Berland (H) vart første kvinnelege ordførar i Fjell. Det skjedde i 2010. Då ho måtte gje seg, overtok Marianne Sandahl Bjorøy (A) ordførarklubba. Likevel er det først dei seinare åra at politikken i Fjell har vore prega av tilnærma likestilling.

Les: Likestillingskonferansen 2016 – Korleis sikra likestilling i det nye kommunestyret?

Kvinnehistorie
Almen røysterett fekk norske kvinner først i 1913, men alt i 1901 fekk kvinner med ein viss formue rett til å stemma og stilla som kandidatar til kommuneval.

I Fjell-politikken vart dei første kvinnene valt inn som vararepresentantar i 1907, framkjem det av materiale som Fjell kommune fekk utarbeida i samband med Røysterettsjubileet i 2013, og som vil verta vist på Likestillingskonferansen.

Kvinnevalet i 1967
I mellomkrigstida og i etterkrigsåra markerte Fjell seg som ein konservativ mannsbastion. Først i 1967 kom det kvinner på fast plass i kommunestyret. Det året må det ha skjedd ein revolusjon både i partia og i veljarmassen. Kvinnene var på full fart ut i arbeidslivet, og det spegla seg i politikken. Kommunevalet i 1967 vart eit kvinneval i Fjell. Heile fem av dei 27 nye representantane var kvinner: Nilsina Kallestad (f. 1910 – KrF), Sigrid Utkilen (f. 1916 – H), Aagot Andersen (f. 1920 – A), Wenche Tellnes (f. 1934 – A) og Gjertrud Spilde (f. 1924 – V).

Det vart med det eine valet. Ved kommunevalet i 1971, var Sally Garmann (V) einaste kvinna som fekk fast plass.

Sigrid Utkilen

Sigrid Utkilen (H) var ei av dei fem kvinnene som fekk fast plass i kommunestyret i Fjell i 1967. Ho vart seinare første kvinne frå Fjell som vart vald inn på Stortinget.
Sigrid Utkilen (H) var ei av dei fem kvinnene som fekk fast plass i kommunestyret i Fjell i 1967. Ho vart seinare første kvinne frå Fjell som vart vald inn på Stortinget.

I 1971hadde Sigrid Utkilen alt site på Stortinget i eitt år. Ho kom inn som vara i 1969, men møtte fast frå 1970. Fjell sin første kvinnelege Stortingsrepresentant haldt setet til 1981. Utkilen vart utdanna sjukepleiar, og helse, men også eldreomsorga var tema ho brann for. Ho var også med på å starta Fjell Røde Kors.

Første kvinna i formannskapet heitte Wenche Tellnes. Ho stod nede på lista, men var likevel den av Arbeidarparti-kandidatane som fekk flest stemmer i 1967. Ikkje alle var like begeistra over kvinner som engasjerte seg i lokalpolitikken, så ho fekk berre ein periode – i første omgang. Ved kommunevalet i 1975 fekk ho likevel fornya tillit, og frå 1979 til 1981 var ho med i Fylkestinget. Også ho brann for helse- og sosialsaker, men ho var også oppteken av samferdsle og særleg utbygginga av busstilbodet. Ho hadde sentrale verv i Arbeiderpartiet i Fjell, og vart også medlem i sentralstyret i partiet.

Olje- og energiminister

Som olje- og energiminister var Ranveig Frøiland med på fleire viktige avgjerder som legg grunnlag for den oljesmurte norske økonomien. Sjølv framhevar ho retten til treårig vidaregåande skule for alle.
Som olje- og energiminister var Ranveig Frøiland med på fleire viktige avgjerder som legg grunnlag for den oljesmurte norske økonomien. Sjølv framhevar ho retten til treårig vidaregåande skule for alle.

Ranveig Frøiland (f. 1945 – A) er den kvinna som for alvor markerte at kvinner frå Fjell kan koma like langt i politikken som menn. Ho kom inn på Stortinget i 1985, og vart sitjande i fem periodar, fram til 2005.

Frøiland vart den første kvinnelege statsråden frå Fjell. Ho vart utnemnd til olje- og energiminister i Jagland-regjeringa i åra 1996 – 1997. Då hadde ho alt spelt ei nøkkelrolle for å få på plass den første høgspentlinja til Kollsnesanlegget. Sjølv reknar ho allmenn rett til treårig vidaregåande skule som ein av sine største sigrar.

Pionerane
Dei verkelege kvinnepionerane i Fjell-politikken var likevel dei tre som vart valde inn som vara i 1907: Karen Marie Persdottar Landro (1848 – 1926) dreiv landhandel og gardsbruk på Landro saman med ektemannen. Landhandel og gardsbruk, men på Langøy, var også bakgrunnen for Rakel Hansdotter Langøen ((1857 – 1945).

Dei tre representerte tre generasjonar. Den yngste av dei heitte Trine Gurine Tomasdotter Langeland (1874 – 1942) og dreiv gardsbruk på Solsvik.

Låg valdeltaking
Korvidt dei tre faktisk møtte, framkjem ikkje av materialet. Valet i 1907 utgjorde heller ikkje noko gjennombrot for kvinner i politikken i Fjell.

Sjølv om fleirtalet av dei stemmeberettiga var kvinner, 1429 mot 1198 menn, var deltakinga i vala generelt låg, og minst oppslutnad var det mellom kvinnene. Ved kommunevalet i 1937 til dømes, var det færre enn tredelen av kvinnene som nytta røysteretten sin, mot over halvparten av mennene.

Like aktuelt
Kvinnelege ordførarar har ikkje endra på valdeltakinga. Den låge oppslutnaden om vala er diverre eit like aktuelt problem i dag.

Historisk materiale
Det historiske materialet som vert vist på Likestillingskonferansen vart utarbeida av Halvor Skurtveit, Vigleik Brekke, Gudveig Lillebø og Svein Ekrem.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s