Vil skattleggja omdisponering av areal

Myrområde og skog bind store mengder CO2 og andre klimagassar. Ved utbygging eller nydyrking vert gassen frigjort og omdanna til miljøskadelege klimagassar. Grøn skattekomisjon vil ha CO2-avgift på omdisponering av norske naturareal.

Utmarksoppleving i urørt kystlandskap.
Ved framtidige utbyggingar i urørt Sotra-landskap kan utbyggjar verta nøydd til å betala dei samfunnsøkonomiske kostandane som følgje av at naturareal vert omdisponert, ifølgje Grøn skattekommisjon.

Nordmenn er globale verstingar når det gjeld utslepp av CO2 per hovud. Skal vi kunna bidra til å nå FN sitt 2-gradersmål, må det hardhendt tiltak til, ifølgje professor Lars-Erik Borge ved institutt for samfunnsøkonomi ved NTNU. Han leia det regjeringsoppnevnde utvalet Grøn skattekomisjon.

Landbruk
Tenkja globalt – handla lokalt har vore mottoet for det norske klimaarbeidet. I rapporten ”Sett pris på miljøet” som kom like før årsskiftet, tilrår Grøn skattekomisjon i enno større grad å handla lokalt.

20 prosent av dei norske klimagassutsleppa vert i dag haldne utanfor kvotesystemet. Det gjeld mellom anna utslepp frå landbruket. Sjølv om dei er små, må dei likevel med i framtidige reknestykke. Avgiftsbelegging av utslepp frå sektoren må også vurderast opp mot ulike subsidie- og overføringsordningar.

CO2-lager
Skog og myrområde bind store mengder CO2 og metan. Ved utbygging, avskoging eller drenering vil store mengder klimagassar verta frigjort og sluppe ut i atmosfæren. Utsleppa bør verta pålagte CO2-avgift, er eitt av tiltaka Grøn skattekomisjon tilrår.

Som bensin og diesel

Utslepp av klimagassar som følgje av omdisponering av naturareal bør betala same CO2-avgift som utslepp frå bilar, meinar utvalsleiar Lars-Erik Borge i Grøn skattekommisjon.
Dei som bidreg til utslepp av klimagassar som følgje av omdisponering av naturareal, bør betala same CO2-avgift som utslepp frå bilar, meinar utvalsleiar Lars-Erik Borge i Grøn skattekommisjon.

Utvalet tilrår bruk av prinsippet om at forureinar betalar, også når det gjeld utslepp av klimagassar. Slik får forureingar incitament til å redusera utsleppa, er argumentet.

Avgifta på utslepp av CO2 og metan frå landbruket bør setjast på same nivå som dagens CO2-avgift på bensin og diesel, som no utgjer 420 kroner per tonn CO2-ekvivalentar. Metan, som finst i store mengder i myrar, inneheld klimagassar tilsvarande 21 gongar utslepp av CO2.

Trussel mot naturmangfaldet
Bustad-, hytte- og vegutbyggingar er i tillegg ein stadig større trussel mot miljø og naturmangfaldet. Arealendringar fører til at leveområda for mange artar forsvinn og at det biologiske mangfaldet vert svekka.

Manglande prising av naturmangfaldet gjer at godane framstår som gratis, noko som gjev incentiv til overforbruk, åtvarar utvalet.

Naturavgift
Ei generell naturavgift på bruk av naturen vil kunna bidra til at utbyggjarar vert nøydd til å ta inn over seg dei samfunnsøkonomiske kostnadane ved naturinngrep, tilrår Grøn skattekomisjon.

Ei effektiv skattlegging føreset at det vert utvikla gode berekningsmetodar, ifølgje utvalet.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s