300 i kø hos Rusta

Over 300 personar hadde late seg lokka av utsiktene til gåvesjekk på 1.000 kroner då Rusta opnar dørene i Sartorparken i dag tidleg.

(Saka er oppdatert.)

Køen utanfor like før dørene opna kl. 10.00.
Køen utanfor like før opninga kl. 10.00. (Foto: Johnny Væt Nordskog.)

 

 
Rusta-leiinga hadde i forkant av opninga gått ut på sosiale media og lova gåvesjekk på 1.000 kroner til kvar at dei 100 første kundane. Dei første stilte i kø alt kl. 6.30 i dag tidleg, ifølgje presseansvarleg Lukas Loeb.

Show
– Vi i Rusta likar å skapa litt show kring opningane. Tilbakemeldingane har vist at gåvesjekken er ei god investering, smiler Norgessjef Thomas Flenge Erlandsen. Tunnelsyn fekk ein kjapp rundtur i varehuset, og eit raskt intervju, dagen før det svenskeigde selskapet opna sin 14. butikk i Norge.

Korvidt gåvesjekken vil freista ivrige kundar vil overnatta i telt utanfor denne gongen også, er Erlandsen usikker på. Heldigvis er det sjeldan at butikkopningane samanfell med første hauststormen.

Les: Lovar 15 – 20 nye jobbar på Straume

IKEA utan sofa

Norgessjef Thomas Flenge Erlandsen i det 2.200 kvadratmeter store varehuset
Norgessjef Thomas Flenge Erlandsen i det 2.200 kvadratmeter store varehuset

Tenk deg Clahs Ohlson og IKEA utan sofa, men kombinert med Europris sitt utval av forbruksartiklar. Då har du eit omtrentleg inntrykk av varesortimentet i Rusta sine 2.200 kvadratmeter store varehus.

Noko er kjende varemerkje, andre delar av sortimentet har dei fått spesiallaga i Asia. Rusta skal uansett konkurrera på låg pris, forsikrar Norgessjefen.

– Sortimentet vil variera med sesongane. I løpet av året reknar vi med å ha kan hende så mange som 10.000 ulike vareartiklar innom hyllene, forklarar Erlandsen mens vi rasar forbi tapetrullar, høgtalarar og støvsugarar, for å nemna noko.

Fryktar ikkje kannibalisering
Sartor har vore eit tema sidan Rusta opna sin første butikk i Norge i 2014. No er tida endeleg moden. Å finna rett lokale har vore ei av utfordringane, ifølgje Erlandsen.

Sartor vert andre butikken i Bergensområdet. Norgessjefen er ikkje redd for at dei no vil ”eta” av marknaden til butikken i Åsane.

– Åsane har vore ein suksess. Tilbakemeldingane tyder på at det kan vera rom for enno eit Rusta varehus i Bergensområdet, seier han. Konkrete planar om ein tredje utsalsstad i regionen har han likevel ikkje.

Kapitalkrevjande

Høg etableringstakt. Norgessjef Thomas Flenge Erlandsen vurderer alt eit tredje varehus i Bergens-området.
Høg etableringstakt. Norgessjef Thomas Flenge Erlandsen har starta 14 varehus på to år og vurderer alt eit tredje varehus i Bergens-området.

Erlandsen og dei svenske gründerane som starta Rusta AB heilt tilbake i 1986 har store forventningar til satsinga på Sotra. Satsinga på Straume krev investeringar på mange millionar – nett kor mange ønskjer ikkje Erlandsen å gå ut med.

Den hyppige etableringstakten er kapitalkrevjande. I fjor omsette åtte varehus for 130 millionar. Resultat før skatt enda på 3,6. Om Norgessjefen kjem ut i pluss i år også, tør han ikkje lova.

– Sluttresultatet vil verta påverka av etableringstakten, seier Erlandsen. Etter opninga i morgon dreg han rett til Sandnes for å opna varehus nr. 15.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s