Kjempar mot utviklinga – men vinn over Stavanger

Bergen havn er størst i Norge i godsmengde. Politikarane i Fjell og leiinga ved Coast Center Base kjempar likevel mot utviklinga når dei jobbar for å få meir gods til Bergen havn.

Den totale godsmengda over Bergen havn er på nedadgåande. Olje- og gass utgjer ??? prosent av den totale tonnasjen.
Den totale godsmengda over Bergen havn er på nedadgåande. Olje- og gass utgjer 88,5 prosent av den totale tonnasjen.

Siste havnestatistikken frå Statistisk sentralbyrå vitnar om ei dyster utvikling for bruken av sjøen som transportveg langs Vestlandskysten.

Størst i Norge
Bergen havn er klart er den største norske havna målt i tonn gods lasta og lossa. Trenden er likevel klart nedadgåande. I andre kvartal i år vart det frakta knappe 11 millionar tonn gods over dei mange kaianlegga innanfor grensene til Bergen og omland havn. Det er ein reduksjon på 15 prosent samanlikna med same perioden i fjor.

Olje og gass
Storparten av godsmengda var olje og gass frå Mongstad, Sture og Kollsnes. Kontainere og andre typar gods utgjorde 1,2 millionar tonn, eller 11,5 prosent av den totale godsmengda.

Overta kontainergods
I håp om å få til ei betre utnytting av kapasiteten, planlegg CCB for å få til ei overtaking av kontainergodset frå Bergen Indre havn. Kontainergodset hadde ein auke på fem prosent samanlikna med andre kvartal i fjor.

Les: CCB det mest fleksible og miljøvenlege alternativet

Offshorekrisa har snudd utviklinga i favør av Bergen.
Offshorekrisa har snudd utviklinga i favør av Bergen. Veksten i siste kvartal kom i Bergen.

Enno verre har utviklinga vore hos CCB sin nye samarbeidspartnar i Risavika i Stavanger. Havna har hatt eit dramatisk fall i tonnasje som følgje av offshorekrisa.

Før offshorekrisa handterte dei i Stavanger dobbelt så store mengder kontainergods som Bergen. Sidan 4. kvartal 2014 har den samla godsmengda over Risavika blitt redusert med 71 prosent. Resultatet er at Bergen no er nær dobbelt så stor.

Les: Planlegg gigantisk havnesamarbeid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s