Indrevik takkar nei til 520 stemmer ved valet til ny kommune

Varaordførar Tom Georg Indrevik (H) fekk 470 personstemmer og 50 slengjarar ved kommunevalet i 2014. No vil han ha slutt på at veljarane kan endra på røysteseddelen ved kommuneval.

Tom Georg Indrevik.
Varaordførar Tom Georg Indrevik (H) takkar nei til 520 stemmer ved valet til ny kommune.

Varaordføraren var ein av dei som haldt innlegg på Likestillingskonferansen på Rådhuset tirsdag denne veka.

Les: Likestillingskonferansen 2016 – korleis sikra likestilling i det nye kommunestyret?

Vil endra Vallova
Indrevik oppfordra foredragshaldaren frå Likestillingsombodet om å ta med tilbake til Oslo eit forslag om å endra Vallova. Veljarane bør ikkje lenger kunna gjera endringar på røysteseddelen, oppfordra Indrevik. Han hevda dette er medisinen som må til for å få ei tilnærma 50 – 50 fordeling mellom kjønna i det nye kommunestyret.

Så kvifor får vi det ikkje til?

Det er mykje dobbeltkommuniasjon i likestillingsarbeidet, trur avdelingsleiar Mona Larsen-Asp hos Likestillingsombodet.
Det er mykje dobbeltkommunikasjon i likestillingsarbeidet, trur avdelingsleiar Mona Larsen-Asp hos Likestillingsombodet.

– Partia vil det. Veljarane vil det, så kvifor får vi det ikkje til, spurte avdelingsleiar Mona Larsen-Asp hos Likestillingsombodet.

– Det er mykje dobbeltkommunikasjon ute og går her, samtykka Larse-Asp på direkte spørsmål frå Tunnelsyn.

Indrevik feilinformerte
Indrevik sitt mest radikale forslag for å auka kvinnandelen er å hindra veljarane i å endra på røysteseddelen.

– Sidan det berre var 30 personar eller noko slikt i Fjell som nytta seg av muligheten ved siste val, men at dei få likevel fekk stor påverknad, er tiltaket lite demokratisk. Ordninga rammar i særleg grad kvinner, hevda varaordføraren.

Indrevik feilinformerte
Ein gjennomgang av resultatet for siste kommunevalet viser noko ganske anna. Indrevik feilinformerer om omfanget av veljarane sitt lokalpolitiske engasjement.

Overveldande oppslutning
Svært mange av veljarar i Fjell nytta høvet til å utøva lokaldemokratiet til å gje ekstra tillitt til utvalde politikarar. Ordninga hadde ein overveldande oppslutnad, viser ein gjennomgang av utrekning av stemmetillegg og personstemmer ved siste kommunevalet.

Ekstrastemme frå 520 veljarar
På dei 10.244 røystesedlane nytta veljarane høvet til å utøva lokaldemokratiet til å tildela heile 8220 personstemmer til politikarar dei synes gjer ein god innsats.

Høgre var det partiet der flest veljarar nytta muligheten til å gje personstemmer. Dei 2031 Høgreveljarane nytta høvet til å tildela meir enn 2.000 personstemmer. Indrevik sjølv fekk ekstra røyster frå 479, eller nær fjerdedelen, av partiet sine veljarar.

Indrevik fekk også slengjarar frå 50 veljarar frå andre parti.

I perspektiv
No føreslår altså vararordføraren å avskriva ordninga som gav han ekstra røyster frå meir enn 500 veljarar.

For å setja det heile i perspektiv: 520 røyster ved kommunevalet i Fjell var meir enn dobbelt så mange som det som skulle til for å få Senterpartiet og Johannes Kobbeltvedt inn i kommunestyret.

Vil avgjera i nominasjonsprosessen
– Skal vi sikra likestilling, må partia sjølv ordna dette i nominasjonsprosessen, argumenterte Indrevik.

Ved valet i 2014 hadde Høgre i Fjell fire menn og to kvinner på dei seks øverste plassane. Slik vart også resultatet i kommunestyret, sjølv om veljarane ville ha ei anna rekkefølgje enn den valkomiteen hadde lagt opp til.

Utpeika av Kommunaldepartementet
I Øygarden stod det lenge så dårleg til med likestillinga at kommunen i 2007 – 2011 vart peika ut av Kommunaldepartementet til å delta i eit forsøksprosjekt. Noko som resulterte i 12 kvinner av 23 representantar i kommunestyret i forrige periode. I denne perioden har talet blitt redusert til 8 av 23, fortalde Aud Karin Oen som orienterte om dei mange tiltaka dei hadde nytta for å auka kvinneandelen.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s