Kjøper tomt i Sotra Arena

Ved å kjøpa tomta av Straume Messesenter bidreg Fjell kommune til å ordna opp i grunneigartilhøva i tilknyting til Sotra Arena. Men Sotra Sportsklubb kan ikkje rekna med å få dekka sin del av tomtekjøpet av tippemidlar.

Stort engasjement og utsikt til å bidra til noko stort medverka til at Sotra Arena vart bygd utan at alle grunneigaravtalane var på plass.

Les: Fjell kommune bygde på annan manns grunn

Då kommunestyret i dag samrøystes vedtok å kjøpa ei tomt på 12 mål frå Sotra Messesenter AS for 10,2 millionar, skjedde det likevel ikkje utan debatt.

Løyser nokre problem
Ved å kjøpa tomta ordnar Fjell kommune opp i nokon av problema med grunneigartilhøva i området, men slett ikkje alle, kommenterte varaordførar Tom Georg Indrevik (H) utan å gå i detaljar.

God profitt
Heile forhistorien måtte fram i lyset, meinte Elne Nybakk. Sotra Messesenter fekk kjøpa tomta i 2011 frå dåværande grunneigar for under ein million. Seinare er tomta sprengt ut og asfaltert. Her er det ein privat aktør som gjer god profitt, argumenterte Nybakk.

Finansiert av tippemidlar
I innstillinga til saka stod det å lesa at Fjell kommune og Sotra Sportsklubb skal kjøpa tomta i fellesskap. Fjell kommune skal kjøpa den delen som er nærast inngangspartiet til fleirbrukshallen for 5,6 millionar. Kommunen skal dessutan forskottera inntil tre millionar kroner av Sotra Sportsklubb sin andel, inntil Sportsklubben får dei refundert via tippemidlane.

Kreativ bokføring?

Rådmann Steinar Nesse i Fjell ser ikkje lenger fullt så svart på kommuneøkonomien. Tertialrapporten vil gje betre oversikt.
-Tomtekjøp og parkering kan ikkje finansierast ved tippemidlar. Driv rådmann Steinar Nesse med kreativ bokføring, spurte Anita Garlid Johannessen (FrP).

Bruken av tippemidlane fekk Anita Garlid Johannesen (FrP) til å steila:
– Tippemidlar kan ikkje nyttast til å finasiera tomtekjøp eller parkering, det er reglane klare på. Er dette kreativ bokføring frå rådmannen si side, spurte ho.

Frp-representanten ville ha protokolltilførsel om at partiet ville stemma mot forslaget, med grunngjeving om at ei slik finansiering ikkje er tillaten.

Mange prosjekt
Sotra Sportsklubb har så mange prosjekt dei har søkt om tippemidlar til, at det vil vera rom for tilbakebetaling gjennom desse prosjekta, orienterte rådmann Steinar Nesse.

Ei orientering Anita Garlid Johannessen ikkje fann særleg oppklarande.

Stryk tilbakemelding
– Kjernen i saka her er at Fjell ikkje har eigarskap til inngangspartiet til hallen. Det er dramatisk. Vi kan jo stryka akkurat den delen av setninga som seier at tilbakebetalinga skal skje via tippemidlane. Då må Sotra Sportsklubb dekka sin andel av eigne midlar, foreslo Egil Håland (A), før kommunestyret tok gruppemøte.

Kakesal
Om ordlyden vert endra, slik at Sotra Sportsklubb, i alle fall i teorien, vert nøydd til å finna finansiering for tre millionar kroner med kakesalg, kunne FrP stemma for tomtekjøpet.

Vedtaket vart samrøystes.

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s