Posisjonen mobiliserte mot Misje-elevane

Opposisjonen i kommunestyret i Fjell mobiliserte mot at elevane ved Misje skule skal sendast til Øygarden og Toftøy skule som følgje av eit tilleggspunkt i ei heilt anna sak.

Det hastar med å byggja ut Landro skule. Foto: Landro skule/Fjell kommune.
Sprengt kapasitet? Mange reguleringsplanar med mange bustadar er vedtekne sidan kommunestyret la opp til at elevane ved Misje og Turøy skular skulle overførast til Landro skule. Foto: Landro skule/Fjell kommune.

(Saka er oppdatert)

Landro skule skal oppgraderast for 60 millionar. Ei gladsak som heile kommunestyret støttar.

Demonstrerte makt
Posisjonen nytta høvet til enno ein gong å demonstrera at innbyggjarane si meining betyr lite og ingenting når skulepolitikken i Fjell skal avgjerast. Både Høgre- og Ap-representantar gjekk i dag på talarstolen for å argumentera mot innbyggjarane på Misje.

Posisjonen snakkar i andre samanhangar gjerne for bygdene, vedtaka går i mot.

Les: Underskriftskampanje for Ekerhovdskulen

Omstridd tilleggspunkt
Etter ein oppheita debatt og med knappast mogeleg fleirtal, 18 mot 17 røyster, fekk positsjonen samstundes tvinga gjennom eit omstridt tilleggspunkt om at administrasjonen skal starta utgreiing av å senda elevane frå Misje til Toftøy skule i Øygarden.

Les: Sender Misjeelevane til Øygarden?

Hjartesak
Hege Misje (SL) var sterkt mot at forslaget skulle fremmast som eit tilleggspunkt i ein anna sak. I staden bør den fremmast som ei eiga sak på eit seinare tidspunkt.

SotraLista-representanten fekk sin elddåp på talarstolen i kommunestyret i det som etter hennar meining er viktigaste hjartesaka – framtida for ungane ved skulen i heimbygda.

Sprengt allerede?
I den nye skulebruksplanen frå 2013, vert det lagt opp til at elevane ved Misje og Turøy skular skal overførast til Landro når den var ferdig utbygd. Elevane frå øyaskulane vil då kunna gå inn i eksisterande klassar ved Landro, utan behov for å oppretta nye klassar, orienterte ordførar Steinar Nesse.

Sprengt kapasitet?
Sidan då er det vedteke fleire nye, store byggjefelt i området mellom Landro og Ågotnes. Seinast sist veke vart det vedteke å byggja 50 nye bustadar på Kårtveit, opplyste Misje.

Korvidt det etter denne ubygginga framleis vil vera plass for elevane frå Misje på Landro i framtida, unnlot rådmannen å svara på.

Kommunesamanslåinga
-Det er kommunesamanslåinga som har bragt opp dette spørsmålet. Vi kan ikkje berre sitja roleg i båten og sjå på at den kjem. Toftøy skule vil verta nærskule for elevar frå Misje i den nye kommunen, argumenterte varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

Etterlyste involvering
-Kva med å involvera foreldra i denne saka? Har har ikkje administrasjonen tenkt på å høyra meininga til dei det gjeld, samstemte Knut Thore Algrøy (KrF).

Frå heimbygda Algrøy veit han sjølv kor vondt det er å vera forelder og ha ei skulenedlegging hengjande over hovudet.

Kva med Telnes?
Anita Garlid Johannesen (FrP) såg meir det prinsippielle i saka. Her rotar administrajonen saman to vidt forskjellige saker. Overflyttinga av Misjeelevane bør fremmast som eiga sak. Kva med framtida til Telnes skule? Der kan dei fort koma i same situasjon, frykta ho på vegne av foreldre og ungar i sin eigen heimekrins.

Ernst Morten Einasen (H) meinte det var Frp-representanten som rota det til. Det er vedteke at Misje skule skal nedleggjast. Det er ikkje tilfelle med Telnes.

Mangla fullmakt
– Kommunestyret har vedteke at Misje skule skal leggjast ned. Administasjonen hadde ikkje trengt å ta opp denne saka i det heile. Slik det er no, har eg ikkje fullmakt til å spørja foreldra på kva skule dei meinar ungane skal gå på, argumenterte rådmann Steinar Nesse.

Les: Rapport som bestilt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s