Sponheim vil ta bustadfelt ut av arealplan

Når private initiativ får styra byutviklinga, vert resultatet ofte ein by som fylkesmannen ikkje vil ha. Sponheim ber Bergen ta styringa over eiga byutvikling.

Store framtidige bustadfelt som legg opp til bilbasert persontransport bør takast ut av arealplanen, tilrår fylkesmann Lars Sponheim i ein merknad til kommunalt planprogram i Bergen.
Store framtidige bustadfelt som legg opp til bilbasert persontransport, bør takast ut av arealplanen, tilrår fylkesmann Lars Sponheim i ein merknad til kommunalt planprogram i Bergen.

Statlege føringar tilseier ei kompakt byutvikling. Det vert sjeldan resultatet dersom private initiativ får styra utviklinga, ifølgje ein merknad frå fylkesmannen i Hordaland til forslaget til kommunal planstretegi i Bergen.

Ut av planen
Fylkesmannen ser kommuneplanen som eit viktig verktøy for å følgja opp intensjonane om 0-vekst i bilbasert persontransport.

– Store, nye framtidige bilbaserte bustadfelt som ligg inne i gjeldande kommuneplan må takast ut, krev fylkesmannen.

Private dominerer
Erfaringsmessig er det dei private initiativa som dominerer i arealplanarbeidet. Private planar bidreg ofte ikkje til ei kompakt byutvikling, skriv fylkesmannen.

0-vekst i bilbasert persontransport
Staten sin mann i Hordaland tilrår at Bergen kommune bør vurdera å prioritera eiga arealplanlegging. Særleg gjeld det overordna planar, for å sikra ei byutvikling i samsvar med 0-vekstmålet.

Usikkerhet i folkevekst
Ei kompakt byutvikling vert kjenneteikna ved at den utnyttar eksisterande infrastruktur. Ei arealplanlegging som legg til rette for dette, vil også vera meir robust i forhald til å handtera større usikkerhet knytta til endringar i framtidig folkevekst, avslutta fylkesmannen i Hordaland.

Her kan du lasta ned heile merknaden frå fylkesmannen sine sider.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s