Nye Øygarden ein suksessnøkkel i kommunereforma

Gjennomføringa av kommunesamanslåinga vil heilt klart verta krevjande. Den førebuande fellesnemnda i Fjell, Sund og Øygarden vil måtta gjennom alle diskusjonane kommunestyra elles kunna ha nytta dei neste ti åra til, hevdar fylkesmann Lars Sponheim.

Hordaland treng ikkje nokon ny Skei-kommisjon for å teikna eit nytt Hordalands-kart. det har Ola Bakkebø og eg gjort, hevdar Lars Sponheim som i dag la fram tilrådinga si til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Hordaland treng ikkje nokon ny Skei-kommisjon for å teikna eit nytt Hordalands-kart. Det har Ola Bakkebø og eg gjort, hevdar fylkesmann Lars Sponheim. I dag la han fram tilrådinga si til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Den frivillige kommunereformprosessen er avslutta. Fylkesmann Lars Sponheim presenterte i dag innstillinga si ovanfor Kommunal- og moderniseringsdepartementet på ein pressekonferanse.

– Om vi ikkje hadde lukkast vest for Bergen, hadde ikkje kommunereforma vore nokon suksess, hevdar fylkesmann Lars Sponheim.

Held Askøy utanom
Det at Askøy har vald å stå aleine, tek han med stor ro. Med nær 30.000 innbyggjarar er kommunen stor nok til leva opp til Kommunereforma sine kriterier for ein robust kommune.

Lovprisar utolmodige kommunar
Fjell, Sund og Øygarden er så utolmodige etter å koma i gang at dei har oppretta ei førebuande fellesnemnd, istaden for å venta på det formelle vedtaket i form av ein kongeleg resolusjon våren 2017. Det meinar fylkesmannen er slik det skal vera.

– Eg har sagt dei berre kan gå i gang. Dette vert eit proformavedtak i Stortinget, seier Sponheim.

Point of no return
– Intensjonsavtalen er ganske laus, og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell karakteriserer situasjonen som ”sensitiv”. Om forhandlingane strandar, vil det då vera mogeleg å avlysa bryllaupet?

– Slik kan vi ikkje tenkja. Den kongelege resolusjonen vil vera eit point of no return, hevdar Sponheim.

Kraftfulle politiske leiarar
Forhandlingane vil heilt klart verta krevjande, medgjev han. Undervegs vil det dukka opp mange problem og vanskar som ein ikkje føreser i dag.

– Fellesnemnda vil måtta gå gjennom alle diskusjonane kommunestyra elles kunna ha nytta dei neste til åra til, seier Sponheim.

– Regionen har tre kraftfulle politiske leiarar. Eg har tru på at dei vil få til mykje bra, legg han til.

Fire – fem nye kommunar

Fire, truleg fem, nye kommunar vart resultatet av den frivillige prosessen.
Fire, truleg fem, nye kommunar vart resultatet av den frivillige prosessen.

Fire, truleg fem, nye kommunar er resultatet av den frivillige kommunesamanslåinga i fylket. Totalt 420.000 hordalendingar, eller 80 prosent av innbyggjarane, bur i ein ”ja-kommune”, ifølgje Sponheim.

– Resultatet viser at fylket er modent for ein ny kommunestruktur, hevdar Sponheim.

Ser vekk frå tvang
Prosessen er langt frå over, sett frå Statens hus. Dette er berre starten på det Sponheim kallar ein ideell struktur. Fylkesmannen i Hordaland er så nøgd med resultatet av den frivillig prosessen at han ikkje ser nokon grunn til å bruka tvang ovanfor dei øvrige kommunane.

– Det er det ingen grunn til. Vi har oppnådd det viktigast gjennom frivillige vedtak i kommunane, sa Sponheim.

Aktiv rolle

Slik tenkjer Sponheim seg at Hordaland-kartet kan sjå ut om ein tiårs tid.
Slik tenkjer Sponheim seg at Hordaland-kartet kan sjå ut om ein ti års tid.

Innstillinga til Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser eit kart over Hordaland med 10 kommunar, basert på det Sponheim kallar ei fagleg tilråding. Slik kan Hordalandskartet sjå ut om ein ti års tid.

Sponheim stikk ikkje under ein stol at han som fylkesmann i Hordaland har spela ei aktiv rolle for å gjera kommunereforma til ein suksess:

– Vi har reist rundt og gjeve kommunane argument for samanslåing, seier han.

– Hordaland treng ikkje nokon ny Skei-kommisjon for å teikna kommunegrensene i fylket. Det har Ola Bakkebø og eg gjort, hevda ein strålande nøgd Lars Sponheim.

Du kan lasta ned tilrådinga til Kommunal- og moderniseringsdepartementet her

Les: Kommunereforma – berget som fødde ei mus

Les: Samde om ny kommune

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s