Lysning på arbeidsmarknaden?

I tre av dei fire kommunane i regionen var det færre heilt ledige ved utgangen av september enn i månaden før.

I september kom meldinga om at to av dei største indusgtriverksemndene på Ågotnes premitterer 300 tilsette.
I september kom meldinga om at to av dei største industriverksemndene på Ågotnes premitterer 300 tilsette.

Det er no registrert 1.380 heilt ledige i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy. Det er 101 færre enn ved utgangen av august, ifølgje tala frå NAV som vart offentleggjort like før helga.

Samanlikna med situasjonen for eitt år sidan, er det 313 fleire ledige dette året.

Over snittet
Med unntak av Askøy, har samtlege av kommunane ei arbeidsløyse som er høgare enn snittet i Hordaland, som er på 3,3 prosent. Reknar vi med dei som er på tiltak, har Hordaland no ei registrert arbeidsløyse på 3,9 prosent.

Medrekna dei 1576 personane som går på tiltak, er det no 10.796 ledige i Hordaland.

Usikkerhetsfaktor
Septembertala fortel ingenting om utviklinga i tala på personar på tiltak i kommunane. Det er difor vanskeleg å avgjera korvidt den positive utviklinga siste månaden skuldast ein reell auke i sysselsetjinga.

Les: Arbeidsløysa nær dobla i Øygarden

Positiv utvikling
Den mest positive utviklinga har tilsynelatande skjedd i Askøy. 486 heilt ledige ved utgangen av september var 54 færre enn månaden før. Med ei arbeidsløyse på 3,3 prosent, er kommunen den einaste i regionen vest for Bergen som kan visa til ei arbeidsløyse på linje med snittet i Hordaland.

Sund kan også visa til ei positiv utvikling. Her var det 137 heilt ledige, 17 færre enn ved utgangen av august. I Sund er arbeidsløysa no 3,9 prosent.

Verst
Fjell er framleis den kommunen som har flest heilt ledige. 620 personar utan jobb og utan tiltak er rett nok 28 færre enn ved utgangen av august, men likevel mange nok til at arbeidsløysa no er på 4,6 prosent.

Verst er situasjonen framleis i Øygarden. 139 heilt ledige er like mange som ved utgangen av august, og tilsvarar ei arbeidsløyse på 5,7 prosent

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s