Trur på fortsatt laksefest

Dei som satsa på Holberg Fondene sitt fiskefond Triton for eit år sidan, har hatt ei eventyrleg avkastning på heile 28 prosent. Er det meir å henta?

Ein porsjon laks i veka for kvar amerikanar vil dobla lakseeksporten til USA.
Ein porsjon laks i veka til kvar amerikanar vil dobla den norske lakseeksporten til USA. Foto: Marine Harvest ASA.

Fisk utgjer berre beskjedne 2,1 prosent av verda sitt matvareinntak, har FN sin organisasjon for ernæring og landbruk rekna ut. Medan vi et stadig mindre villfisk, aukar inntaket av oppdrettsfisk.

Oppdrett
Oppdrettsselskapa utgjer 23 prosent av verdiane i Triton. Med ei gjennomsnittleg årleg avkasting på 9,2 prosent siste fem åra vert Marine Harvest rekna for å vera ei av leiestjernene i det globale sjømatfondet.

USA-kampanje
Norsk fisk er i praksis utestengd frå Kina og Russland. Istaden satsar den globale oppdrettsgiganten med base i Bergen på USA. Heile 78 prosent av amerikanarane seier dei likar smaken av laks. I snitt et dei likevel berre 15,9 gram per veke. Gjennom ein storstilt kampanje tek Marine Harvest no sikte på å auka konsumet. Klarar dei få amerikanarane til å innta ein porsjon laks i veka, vil den norske lakseeksporten til USA doblast, til 760,7 tonn i året, ifølgje konserndirektør Alf-Helge Årskog i Marine Harvest.

Skeptisk
Forvaltar Albert Collett i Arctic Fund Management er skeptisk til Marine Harvest-sjefen sine vekstvisjonar, og til framleis vekst i lakseprisen. Han tek Marine Harvest ASA ut av den tilrådde portefølje, saman med Grieg Seafood ASA, melder DN.no.

Fortsatt laksefest
Skepsisen er Collett aleine om, i alle fall enn så lenge. DnB Markets har tru på at laksefesten vil halda fram. I den anbefalte porteføljen har dei både Marine Harvest og den færøyiske oppdrettsverksemda Bakkafrost. Bakkafrost har også Sparebank 1 Markets tru på, saman med Royal Norwegian Salmon.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s