Bussar i kø kostar millionar

Det er ikkje berre som passasjer du har grunn til å ergra deg over bussar som stangar i kø i Bergens-området.

Bussar i kø skapar irritasjon og kostar millionar.
Bussar i kø skapar irritasjon og kostar millionar. Foto: SKYSS.

Bussar i kø kostar Hordaland fylkeskommune og SKYSS dyrt, framkjem det av ei sak som skal opp i Hordaland fylkesting denne veka.

Ni millionar
Reknestykket, med direkte og indirekte kostnadar, er komplisert. Men, dersom 1.000 av bussane i Bergensområdet i snitt brukar fem minutt meir per dag på grunn av kø, vil det kosta skattebetalarane over ni millionar kroner, har fylkeskommunen rekna ut.

Operatørane får betalt per time. Dersom bussane står i kø, vil det vera behov for fleire bussar, noko som operatørane igjen skal ha auka godtgjersle for.

Vil prioritera bussen
No tilrår fylkeskommunen å greia ut tiltak som kan bidra til å auka framkomsten i Bergens-trafikken. Tiltak som kan føra til at bussen kjem fram bør verta prioritert i Bergens-programmet og i bymiljøavtalen for Bergen, tilrår fylkesrådmannen.

38 millionar reiser
Buss er det overlegent mest brukte kollektive transportmiddelet i Hordaland. Kring 80 prosent av dei 54 millionar kollektivreisene i fylket skjer med buss. Bebuarane i Bergens-området føretek heile 38 millionar bussreiser årleg, viser reiseoversikten til SKYSS.

Auka reisetid
Sanntidsdata frå bussar som stangar i kø, viser ei negativ utvikling i reisetida på fleirtalet av hovudårene inn til Bergen.

Kollektivfelta i Bergen utgjer 11,1 kilometer, i tillegg er det bygd 6,1 kilometer sambruksfelt. Tala har vore nokonlunde stabile siste åra, ifølgje årsmeldinga til SKYSS.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.