Får 20 millionar til hydrogenfyllestasjonar – Lieco klar med bilane

Lieco Auto AS har inngått avtalar om levering av dei første 22 hydrogenbilane. I dag kom gladmeldinga om at Enova løyver pengar til to hydrogenfyllestasjonar i Bergensområdet.

Dagleg leiar Geir Ole Lie i Lieco Auto kan alt visa fram den første hydrogenbilen på Sotra.
Dagleg leiar Geir Ole Lie i Lieco Auto kan alt visa fram den første hydrogenbilen på Sotra.

– Er det sannt? Gud det var deilig! No skal eg heisa flagget! Hos dagleg leiar Geir Ole Lie i Lieco Auto AS kjem gledesutbrotet spontant når Tunnelsyn ringjer og fortel at Enova har bevilga pengar til dei to første hydrogenfyllestasjonane i Bergensområdet.

Lie har vore med å jobba i over eitt år for å få på plass infrastrukturen som skal gjera det mogeleg for miljømedvitne bilistar å fylla tanken med hydrogen.

Ventar i Drammen
I påvente av hydrogenfyllestasjonane, har Lieco inngått avtale med utolmodige kjøparar om levering av heile 22 bilar. Åtte av avtalane er salsavtaler. Dei øvrige er intensjonsavtalar.

– Dei åtte første hydrogenbilane står og ventar i Drammen og kan byrja å rulla på vegane i Bergensområdet så snart fyllestasjonane er på plass, seier Lie.

Stasjonen opnar så snart alle offentlege løyve er på plass, lovar Uno-X i ei pressemelding.

Danmarksplass og Åsane
Enova har løyvd tilsaman 19,8 millionar til dei to hydrogenfyllestasjonane i Bergen i regi av Uno-X. Stasjonane skal anleggjast på Danmarksplass og i Åsane, ifølgje pressemeldinga.

Forsprang på konkurrentane
-Hyundai er einaste bilprodusenten som har leveringsklare hydrogenbilar i Norge, rosar merkjeforhandlar Lie som no reknar med å få eit solid forsprang på konkurrentane.

– På hydrogen kan du køyra frå Bergen til Oslo på full tank, etter å ha fyllt i berre tre minutt, reklamerer den ivrige bilseljaren.

Bergen Taxi, Hordland fylkeskommune og Bergen kommune kjem til å kjøpa fem hydrogenbilar som del av prosjektet.

Økonomiske fordelar
Om ti år reknar Lie med at vegnettet i Bergensområdet er fyllt med el- og hydrogenbilar, føresett at hydrogenbilane får same fordelane som elbilane har i dag.

Advertisements

3 Comments

    1. Hydrogenbilane vil får same avgiftsfritaket som elbilar ved innkjøp, i det minste fram til 2020, ifølgje dagens statsbudsjett. Statbudsjettet legg likevel opp til at kommunane/fylka sjølv skal avgjera bompengesatsar, fri parkering og ferjetakstar når bilane vert brukt. Her i Hordaland har fylkeskommunen alt vedteke at elbilar skal betala halv takst på ferjene. Inntektssvikt som følgje av mange elbilar gjer at det også er grunn til å frykta at det vil verta innført bompengar for 0-utsleppskøyretøy. Det er med andre ord langt frå sikkert at hydrogenbilane i framtida vil kunna nyta godt av dei same økonomiske fordelane som elbilane hittil har kunna nyta godt av. Diverre!

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s