Tilset i Fjell – kuttar i Askøy

Det vert fleire hender, men likevel stadig færre årsverk innan helse- og omsorgstenestene i kommunane vest for Bergen. Askøy og Sund er mellom dei kommunane der utviklinga går i feil retning.

Fleire hender betyr ikkje nødvendigvis fleire årsverk innan helse- og omsorg.
Fleire hender betyr ikkje nødvendigvis fleire årsverk innan helse- og omsorg.

Fylkesmannen i Hordaland finn det urovekkjande at det vart færre brukarretta årsverk i helse- og omsorgstenestene i heile 14 kommunar i Hordaland frå 2014 til 2015.

Brukarretta
Fylkesmannen skisserer ein sektor med aukande profesjonalisering, høg andel deltidstilsette, og svært liten admininistrativ overhead. Det store fleirtalet er sysselsette med brukarretta tenester.

Store skilnadar

Utviklinga i talet på årsverk innan helse- og omsorgesektoren i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy, frå 2007 - 2015, ifølgje fylkesmannen i Hordaland.
Fjell og Øygarden aukar talet på årsverk. I Askøy og Sund går utviklinga feil veg. Utviklinga i talet på årsverk innan helse- og omsorgesektoren i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy, frå 2007 – 2015, tal frå fylkesmannen i Hordaland.

Det er store skilnadar i bemanninga i helse- og omsorgstenestene i dei fire kommunane vest for Bergen, framkjem det av fylkesmannen sin oversikt.

At Askøy og Fjell er tilsynelatande like kommunar, med om lag like stor folkemengde, og tilsvarande aldersmessig fordeling, skulle ein ikkje tru når ein ser på bemanningssituasjonen innan helse- og omsorg.

Askøy vs Fjell
I Askøy var det heile 614 årsverk i sektoren i fjor. I Fjell derimot var det berre 379 årsverk.

Medan Fjell auka talet på årsverk med 22, reduserte Askøy bemanninga med heile 79 årsverk.

Mange deltidstilsette
Helse- og omsorg er ein sektor med mange deltidstilsette kvinner. Skeivheten forplantar seg også til dei deltidstilsette. Medan det i Askøy var totalt 934 sysselsette innan helse- og omsorg, var det til samanlikning berre 545 personar i Fjell som jobba med slike oppgåver.

Ikkje til å leva av

Utviklinga i årsverk samanlikna med sysselsette i Askøy, frå 2007 - 2015, ifølgje fylkesmannen i Hordland.
Fleire sysselsette, men færre årsverk. Utviklinga i Askøy, frå 2007 – 2015, tal frå fylkesmannen i Hordland.

Tilbakemeldingar Tunnelsyn har fått frå deltidstilsette, tyder på at mange av dei sysselsette i Askøy har svært låge timetal. Sjølv i sommarmånadane var det einskilde av ringjevikarane som berre fekk to – tre vakter i løpet av ein månad.

– Slikt går det jo ikkje an å leva av, oppsummerte Tunnelsyn si kjelde situasjonen.

Færre legar
Stadig fleire av dei tilsette er utdanna hjelpepleiar eller har relavant fagutdanning innan helse- og omsorg. Samstundes vert det færre årsverk innan viktige faggrupper som fysioterapi, barnevernspedagogar, aktivitørar og sosionomar.

Legar er likevel den yrkesgruppa som har hatt størst prosentvis nedgang. Sidan 2007 er talet på legar redusert med 44 prosent, i følgje fylkesmannen.

Årsverk innan pleie og omsorg (tal frå fylkesmannen i Hordland)
2007    2013    2014   2015
Sund              115      141     146     123
Fjell               293      345      357     379
Askøy            472      639      693     614
Øygarden      145     152      146     146

Sysselsette innan pleie og omsorg (tal frå fylkesmannen i Hordaland)
2007    2013    2014    2015
Sund               177      199      210      193
Fjell                405       483      502      545
Askøy             789       894      936      934
Øygarden      197       212      198      213

Her kan du lasta ned fylkesmannen sin oversikt

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s