Liegruppen kontraherer nytt fiskefartøy

Knapt er blekket på salsavtalen for Libas tørt, før Peder Lie og Liegruppen AS planlegg kjøp av nytt fiskefartøy. Ein auke på 25 prosent i førstehandsverdien på sild, makrell og kolmule i 2016 gleder basen på Liaskjæret.

Havet si evne til reproduksjon imponerer fiskebåtreiar Peder O. Lie. No planlegg han å kontrahera eit nytt fiskefartøy.
Havet si evne til reproduksjon imponerer fiskebåtreiar Peder O. Lie. No planlegg han å kontrahera eit nytt fiskefartøy.

Kontrakten på salet av fiskefartøyet Libas til eit reiarlag på Island er no gjeldande. Seinast 14. november vil fartøyet forlata Liaskjæret for siste gong, seier styreleiar og dagleg leiar Peder Lie til Tunnelsyn.no.

Les: Sel stål – ikkje fisk

145 millionar
Islendingane betaler 145 millionar kroner for fiskefartøyet som vart overlevert til Liegruppen i 2004.

Nytt fartøy
Libas vert seld utan fiskekvotar. Kvotane skal Liegruppen overføra til eit nytt fartøy som skal leverast om to – tre år. I mellomtida skal kvotane fordelast på dei to andre fiskefartøya i verksemda, seier Lie.

Les: Verdset fiskekvotane til 436 millionar

Ingen mister jobben som følgje av salet. Mannskapet på Liebas skal inntil det nye fartøyet er på plass gå inn i ei treskiftordning om bord på Liafjord og Ligrunn.

– Betre for mannskapet, og bra for rederiet og familiane, seier Lie.

Neste generasjon
Beslutninga om å kontrahera eit nytt fiskefartøy er eit signal om at fiskeri vil vera bærebjelken for Liegruppen også i neste generasjon.

Les: Basen på Liaskjæret

– Det nye fartøyet vil verta betre tilpassa tida, og vert meir konvensjonelt enn Libas, seier Lie.

Inntektsvekst på 25 prosent
Liegruppen har kvotar mellom anna på sild, makrell og kolmule. Ein auka i førstehandsverdien på fisken på i snitt 25 prosent i år er medverkande til beslutninga om å kontrahera eit nytt fiskefartøy til erstatning for Libas.

Les: Fiske – ei lokal vekstnæring

Reproduksjonen i havet
– Eg gler meg over havet si evne til reproduksjon. Den er imponerande, seier Lie som ser fram til at kvotane vil neste år vil verta noko større enn i år.

Les: Havforskarane fryktar sur lekse for fiskeri og havbruk

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s