Statsbudsjettet: Ekstramillionar til kommunalt vedlikehald

Fjell får 13 millionar til vedlikehald av kommunale bygg neste år. Sund og Øygarden får også ekstra vedlikehaldspengar i Statsbudsjettet.

Helge André Njåstad lovar ekstra midlar til kommunalt vedlikehald i kommunar som er ramma av offshorekrisa.
Helge André Njåstad lovar ekstra midlar til kommunalt vedlikehald i kommunar som er ramma av offshorekrisa.

Dei kriseramma kommunane langs Vestlandskysten får til saman 650 millionar kroner i ekstraordinære midlar i Statsbudsjettet for 2017. Pengane er øyremerka vedlikehald av kommunale bygg, seier  Helge André Njåstad (FrP) til Tunnelsyn.no.

Kommunane vestom Bergen
Fjell får 13 millionar kroner til kommunalt vedlikehald, Sund får to og Øygarden tre millionar, ifølgje Njåstad.

Pengane kjem først til utbetaling over nyttår, men for at kommunane skal kunna starta planlegginga og koma i gang med tiltaka  så raskt som mogeleg, vert 450 millionar fordelte no, ut frå dagens situasjon på arbeidsmarknaden, seier Njåstad.

Dei siste 200 millionane vil verte fordelte i januar – februar neste år.

Sotrasambandet
Stortingsrepresentanten frå Austevoll er medlem i Kommunalkomiteen. I dag er han i Bergensområdet for å fortelja først og framst om regjeringspartia sitt forslag til fordelingar av oljepengar på samferdslesektoren.

– 105 friske millionar til oppstart av dei førebuande arbeida i tilknyting til nytt Sotrasamband, gjer Fjell til ein av vinnarane i Statsbudsjettet, hevdar Njåstad.

Luksusfellen
At OPS-statusen og uklårheitane om kor stor andel av dei totale kostnadane på 20 milliardar kroner som må finansierast med bompengar, kan bidra til å lokka Sotrastrilen i luksusfellen, vil FrP-representanten ikkje vera med på.

Les: Rekninga for Sotrasambandet kan enda på 20 milliardar

Les: Vegdirektøren vil ikkje snakka om økonomien i Sotrasambandet

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.