Statsbudsjettet: Sund får størst inntektsauke

Sund får ein auke i dei frie inntektene på 3,5 prosent til neste år. Askøy får største kronebeløpet.

Det er store skilnadar i VA-gebyra i region vest.
Det vert ein beskjeden inntektsauke i kommunane vestom Bergen neste år.

Fylkesmannen i Hordaland har rekna på grunnlagstala i Statsbudsjettet og kome fram til fordelinga av dei statlege tilskota for neste år.

Mange kriterier
Tildelinga av dei statlege tilskota til kommunane skjer ut frå ei rekkje ulike kriterier.

Når alle faktorane er oppsummert, vil Sund få ein auke i dei frie inntektene på 12,75 millionar kroner neste år, noko som utgjer 3,5 prosent, ifølgje fylkesmannen i Hordaland. Kommunen vil dermed kunna disponera 375,4 millionar til skular, helse, eldreomsorg og kommunale vegar, for å nemna dei største utgiftspostane.

1,7 prosent
I Fjell har vi mindre grunn til å jubla. Fjell får ein auke i dei frie inntektene på 21,3 millionar kroner, eller 1,7 prosent. Medrekna skatteinntekter vil dette gje politikarane 1,243 milliardar kroner til fordeling i budsjettseminaret seinare denne månaden.

Askøy
Største auken, målt i kroner, vert det Askøy som får. Frie inntekter på 1,48 milliardar kroner er 35,7 millionar meir enn i år, og tilsvarar ein inntektsauke på 2,5 prosent.

Verst stilt
Øygarden ser ut til å koma verst ut. 266,3 millionar i frie inntekter er 4,4 millionar meir enn i år, og tilsvarar ein auke på 1,7 prosent.

Frie inntekter i kommunane 2017 – tal i (1000)

Inntekt 2017 Auke 2016 – 2016 Vekst %
Sund 375 438 12 748 3,5
Fjell 1 243 384 21 293 1,7
Askøy 1 482 587 35 739 2,5
Øygarden 266 328 4440 1,7

Du kan lesa meir om tala som ligg bak Statsbudsjettet på fylkesmannen sine heimesider.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s