Møt ein utypisk bankdirektør

Mangel på eigna lokale kunne ikkje få Alvhild Tofterå Berge til å utsetja etableringa av sjette banken på Straume. No kan ho og dei andre tilsette i SpareBank1 SR-Bank endeleg breia seg på gateplan i Straumehagen.

Alvhild Tofterå Berge er oppvaksen på ein kaikant. Båten er eindel av strilakulturen og som bankdirektør er ho ein aktiv sponsar av Redningsselskapet.
Alvhild Tofterå Berge er oppvaksen på ein kaikant. Som bankdirektør sponsar ho Redningsselskapet.

Dei nærare to åra i mellombelse lokale har regiondirektøren for personmarknad i SpareBank1 SR-Bank i Bergensområdet nytta svært godt:

I samsvar med banken si vekststrategi i Hordaland, har talet på personkundar auka med over 5.000 i desse to åra. Meir enn 20.000 hordalendingar har no ein eller fleire kontorar i banken, fortel Alvhild Tofterå Berge. Utlånsporteføljen er i same perioden utvida med tre milliardar til 23 milliardar, og banken tek no seks prosent marknaden i Hordaland.

Urbane vekstområde
Konkurrentar som Sparebanken Vest og DnB legg ned filialar på Sotra. I heimefylket Rogaland legg marknadsleiaren SpareBank1 SR-Bank ned filialar. I Bergen mannar dei opp. Straume, Åsane og Fana er urbane vekstområde med behov for eit styrka banktilbod, slik Tofterå Berge ser det.

Les: Bankdirektør i medvind

Sjå kundane i kvitauga
Sist veke etablerte dotterselskapet EiendomsMegler1 første kontoret på Askøy.

– Vi skal vera lokal og nær. Vera tilstade. Når dei på Askøy vert kjend med oss, legg dei seg vonaleg på hjul hit til Straume for å nytta oss til andre banktenester også. Vi startar nøkternt, og så vert det opp til kundane å visa at dei ønskjer å bruka oss, seier ho.

– Vi ønskjer å sjå kundane i kvitauga, og bidra til at dei får ein betre økonomi, legg ho til.

LO-fordelar
LO eig 10 prosent av SpareBank1 SR-Bank. Noko av motivasjonen for etableringa på Sotra var å hanka inn dei nærare 10.000 LO-medlemmane i området.

– Diverre har vi ikkje nådd alle, enno, men oppslutnaden aukar dag for dag. LO sentralt har forhandla fram gode betingelsar for medlemmane, så det er berre å koma, reklamerer Tofterå Berge.

Dei gode samtalane
Sotra, som dei andre kommunane langs Vestlandskysten, vart treft av ein synkande oljepris om lag samstundes som SpareBank1 SR-Bank etablerte seg i offshorebeltet vest for Bergen. Førebels har dei vore sparte for dei alvorlege konsekvensane, skal vi tru Tofterå Berge.

– Vi etablerte oss i ein ung marknad. Kanskje har vi vore heldige og ikkje hatt det store fleirtalet av dei arbeidslause som kundar, filosoferer regiondirektøren.

– Uansett er det kjekt å sjå at botnen no truleg er nådd i Rogaland, legg Tofterå Berge til.

Les: Sjeføkonom ser lysning også for offshorsektoren

Vert du arbeidslaus, eller får betalingsproblem av andre årsakar, gjeld det å kontakta banken så tidleg som mogeleg, lenge før det brakar laus for alvor. Gjennom gode samtalar kan vi medverka til mange løysingar som kunden kan hende ikkje tenkte på, råder ho.

Utset avdraga
– Klart vi merkar det, medgjev regiondirektøren etter å ha tenkt litt.

Ein del av kundane har bede om utsetjing med avdraga på bustadlånet. Vi ser også ein tendens til at kredittkortgjelda vert høgare. Folk skyv problema fram i tid.

– Vi nærmar oss nok ei smertegrense for mange. Om dette varer ved eit stykke ut i 2017, vil situasjonen verta annleis, fryktar ho.

Heilsvart ser det likevel ikkje ut, sett frå regiondirektøren sitt kontor

– Jammen er det mange som har vore flinke til å spara, rosar Tofterå Berge.

Taus om tap
Personmarknaden er Tofterå Berge sitt ansvar. I eit slikt intervju er det likevel ikkje råd å omgå situasjonen på bedriftsmarknaden.

SpareBank1 SR-Bank måtte i andre kvartal avskriva 455 millionar kroner som tap. 362 millionar skreiv seg frå fire offshore-relaterte prosjekt.

Spørsmålet om korvidt nokon av desse fire tapsprosjekta høyrer heime i Bergensområdet, ønskjer Alvhild Tofterår Berge ikkje å svara på. Ho viser berre vidare.

Heller ikkje kommunikasjonsdirektør Thor-Christian Haugland i konsernleiinga i Stavanger ønskjer å bekrefta eller avkrefta korvidt nokon av dei store tapsavskrivingane skriv seg frå vår region.

– Vi angrar ikkje akkurat på at vi satsa i Bergensområdet, seier Haugland.

Spar i fond
– Du tilrår Sotrastilen å spara, noko som ikkje er heilt einkelt i dagens rentemarknad. Om du hadde 100.000 til overs, korleis ville du ha plassert pengane?

– Sparing er eit område folk sjølv kan ta ansvar for. Det gjeld også pensjonssparing. Eg er oppteken av å få særleg kvinner til å tenkja pensjon. For mange ligg pensjonsalderen veldig langt fram, men det er viktig å vita kva dei vil få i framtidige utbetalingar. Har dei jobba deltid, og ikkje spart ved sida av, kan det verta magert, åtvarar regiondirektøren.

Når det gjeld sparing, vil tidshorisonten avgjera kva tilbod du bør satsa på, ifølgje Tofterå Berge.

Har du bruk for pengane innan tre år, kan eit rentefond med låg risiko vera løysinga. Kan du setja av pengane fem – seks år, bør halvparten setjast i fond, rår ho.

Ingen quick-fix
Det finst ingen quick-fix for å tena pengar. Kundane må sjølv avgjera korvidt dei ønskjer høg, moderat eller låg risiko.

– Det er viktig at kundane veit forskjellen på å ha pengar ståande i banken og i fond. Kundane bør aktivt vita kva dei takkar ja til, seier regiondirektøren.

– Eg har hatt kundar sidan 1991 som aldri har tapt pengar. Dei som har kort tidshorisont, og som treng pengane neste dag, har kan hende tapt.

Kundar som ønskjer høg risiko og som har åtte – ti års horisont, kan gjerne spissa satsinga mot eit SMB-fond.

– Satsar kundane på einskildaksjar, skjer det mot våre råd, åtvarar regionbankdirektøren.

Alle kundar er ulike
Det at ingen kundar er like, medverkar til å gjera jobben interessant for Alvhild Tofterå Berge.

– Vi gjev kvar einskild økonomiske råd ut frå kunden sine eigne draumar og mål, seier ho.

-Har dei endra økonomiske realitetane dei siste åra påverka deg som leiar og som banksjef?

– Eg har nok ei godt forankra realitetsoppfatning. Før smellen i 2008 kjende eg på ei uro, men den nedgangen vart heldigvis kortvarig. Sidan har eg hatt ei underleg kjensle av at det på eit eller anna tidspunkt vil treffa. Så langt har det heldigvis ikkje slått til, så eg er nok veldig konservativ.

– At de skulle treffa så fort i Rogaland hadde vi likevel ikkje kunnskap om, legg ho til.

– Heldigvis har eg ikkje endra meg som person. Eg har begge beina på jorda og er kjempeglad i folk!

Styreleiar
Dels som ein konsekvens av stillinga som regiondirektør har Alvhild Tofterå Berge ei fleire tillitsverv.

No nyleg vart ho oppnemnd som styreleiar for Fjell kommunale Pensjonskasse, med ansvar for å sikra dei framtidige pensjonsutbetalingane til dei mange kommunalt tilsette i tredje største kommunen i Hordaland.

Vervet fekk ho på bakgrunn av utdanninga og autorisasjonen som fondsmeklar og autorisert av Finanstilsynet.

Som styremedlem i Business Region Bergen siste to åra har ho fått eit interessant innblikk i kva som rører seg i næringslivet i regionen. At dei no avviklar drifta, ønskjer Tofterå Berge ikkje å kommentera.

– Regionen bør ha fora som kan medverka til at bedriftsetableringane kjem her, framfor i Oslo eller i Skottland, for det er oftast det som skjer, konstaterer ho.

Sponsor
Som regiondirektør frontar Alvhild Tofterå Berge ein finansinstitusjon med almennyttig ansvar.

Fødd og oppvaksen på ein kaikant, datt jentungen Alvhild Tofterå på sjøen fleire gongar, og det med livet som innsats. Det har gjeve henne ei forståing av kor viktig innsats Redningsselskapet gjer for folk som lever på Vestlandskysten.

Når femteklassingane i regionen får redningsvestar, er banken sponsor. Banken har også medverka til at ei av Redningsselskapet sine redningsskøyter er blitt utstyrt med nattkamera slik at dei skal kunna oppdaga folk i sjøen i mørke stormfulle vinternetter.

Ho er banken
I ein bransje som utad stort sett vert prega av grå menn i svarte dressar, skil Alvhild Tofterå Berge seg ut.

Mange som har møtt henne vil vera tilbøyeleg til å meina at ho, med sin hjartelege latter, tydelege tilstadeværelse, vide nettverk og alltid ”på seljaren”, er SpareBank1 SR-Bank i Bergens-området. Antydar du at ho som person har vore avgjerande for rogalandsbanken sin suksess i Bergensområdet, berre ler ho.

– Banken sin historie vart tufta på bytehandel med fisk. Ein historie som samsvarar med god, gammaldags strilakultur, og som eg kjenner meg godt att i og kan identifisera meg med. I denne jobben kan eg vera meg sjølv, seier fiskardottera frå Tofterøy lengst sørvest i Sund.

– Eg er oppteken av å gjera ein god jobb der eg er, og ha fokus på rett stad, legg ho til.

Utypisk
Alvhild Tofterå Berge vart dregen med i Vest Næringsråd i eit tid der det var få kvinner i salen. No gler ho seg over at det nærmar seg ei 50 : 50 fordeling mellom kjønna.

– Som kvinne er eg nok litt utypisk. Med 30 års erfaring opplever eg at folk har tillitt til den jobben eg gjer, ler regiondirektør Alvhild Tofterå Berge i SpareBank1 SR-Bank.

4 Comments

  1. Hei Liv

    Det er feil at DNB legger ned filialer på Sotra. Håper du enten kan komme med en rettelse eller la vår lokale banksjef Geir-Ove Horge komme til ordet.

    For øvrig synes vi det er spennende å være en del av en region hvor man oppretter nye bank filialer.

    Hører fra deg.

    Mvh

    John Ivar Halvorsen Tlf 97046895

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s