Gullår for trelasthandlar

Kvar fjerde krone dei selde for gjekk rett inn på kontoen til Kjell Rune og Bjørnar Garlid i Sotra Trelast AS i kriseåret 2015.

Dagleg leiar og styrelaiear Kjell Rune Garlid i Sotra Trelast er tungt involvert i utbygginga på Ågotnes.
Kommunestyrerepresentant, dagleg leiar og styrelaiear Kjell Rune Garlid i Sotra Trelast er tungt involvert i utbygginga på Ågotnes.

Sotra Trelast held til på Ågotnes og sel byggjevarer og ferdige bustadar. I kriseåret som ramma Sotra i fjor, slo trelasthandelen alle rekordar.

Gullår
Trelasthandelen selde materialar, spiker, reidskapar og ferdige husvære for tilsaman 45,2 millionar, ein auke på 38 prosent samanlikna med 2014. Driftsresultatet vart meir enn tredobla.

Aldri før i verksemda sin historie har dei vore i nærleiken av å tena like bra. Kvar fjerde krone dei to brødrene tente gjekk rett på konto. Då året var omme kunne dagleg leiar og styreleiar Kjell Rune Garlid og broren Bjørnar som eig verksemda i fellesskap, bokføra eit resultat før skatt på heile 11,8 millionar.

Les: Einebustadane sin talsmann

Botnsolid
I rekneskapen framstår Sotra Trelast AS som ei botnsolid verksemd. To tredelar av resultatet vart nytta til å styrka eigenkapitalen, som no utgjer 26,7 millionar kroner. Nær halvparten av pengane stod ved årsskiftet i banken.

Utbyte vart det også råd til. Dei to eigarane kunne dela på 1,5 millionar kroner.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s