Konkurs – i dødens dal

Nyetablerte verksemder med lova sitt minimumskrav til eigenkapital dominerer konkursoversikten for kommunane vestom Bergen i tredje kvartal.

Nyetablerte verksemder med lova sitt minimumskrav til kapital har små føresetnadar til å verkeleggjera forretningsideen, skal vi tru konkursoversikten for tredje kvartal.
Nyetablerte verksemder som berre har lova sitt minimumskrav til kapital har små føresetnadar til å verkeleggjera forretningsideen, skal vi tru konkursoversikten for tredje kvartal.

Ivrige gründarar med tru på eigen forretningsidé har oftast ei hovudutfordring til felles: Mangel på kapital som kan finansiera drifta inntil dei byrjar å tena pengar. Fenomenet er såpass vanlig at denne perioden med kapitaltørke på etablerarspråket vert kalla ”dødens dal”.

Lova sitt minimum
Oversikten over konkursopningar i Fjell, Askøy, Øygarden og Sund i tredje kvartal viser 22 namn. Heile ni av verksemdene vart starta i 2014 eller seinare. Seks av desse var aksjeselskap med lova sitt minimumskrav til startkapital, nemleg 30.000 kroner.

Les: Nyetableringar med minimumskapital

Det er god grunn til å spørja korvidt eindel av verksemdene kunne ha lukkast dersom eigaren hadde hatt tilgang til meir kapital.

Treng meir kapital
30.000 kroner er så vidt nok til å dekkja utgiftene i samband med oppstart og registrering av ei ny verksemd. Utan at gründaren har tilgang på meir kapital, har betalt arbeid ved sida av, eller startar på grunnlag av tildelte oppdrag, er det økonomisk grunnlaget for å verkeleggjera forretningsideen magert.

Dobling i Askøy og Øygarden
Talet på konkursar har auka monaleg dette kvartalet samanlikna med fjoråret.

10 bedriftseigarar med adresse i Askøy måtte gå den tunge vegen til skifteretten, mot fire i same perioden i fjor. I Fjell auka talet på konkursar i månadane juli til og med september frå sju i fjor til åtte dette året. I Øygarden vart talet dobla, frå to til fire. Det har ikkje vore nokon konkursar i Sund

Flest AS
Av dei konkursråka var heile 18 aksjeselskap, tre einkeltpersonføretak og eit utanlandskregistrert føretak.

Så langt i år har det vore 59 konkursar i dei fire kommunane.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s