Forbrukarrådet: Sund best i vest

Sund er den beste kommunen i region vest når det gjeld service, tilgang på offentleg informasjon og kvaliteten på offentleg informasjon, ifølgje Forbrukarrådet.

Sund slår knockout på dei store kommunane når det gjeld service, ifølgje Forbrukarrådet.
Sund slår knockout på dei store kommunane når det gjeld service til innbyggjarane, ifølgje Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet har sett seg i brukarane sin ståstad. Dei har testa kvaliteten på den kommunale servicen i samtlege kommunar. Dei har vurdert kva informasjon brukarane kan få tilgang til når dei kontaktar kommunen, enten via telefon, epost eller på kommunen sine heimesider.

Forbrukarrådet har og vurdert kvaliteten på den informasjon som brukarane får frå kommunen. Sju sektorar med til saman 16 parametre inngår i den omfattande testen.

Best i vest
Sund er overlegent beste kommune i vest, ut frå Forbrukarrådet si rangering. Kommunen skårar 72,8 poeng av 100 mogelege og havnar dermed på ein 18 plass. Best er sundsokningane på sosiale tenester, pleie og omsorg og informasjonstenester. Her får dei full skår. Barn og skule derimot, er eit svakt punkt.

Plasseringa i år vitnar om at kommunen sønst på Sotra har forbetra seg kraftig siste åra. Ein gjennomsnittleg skåre på 61,9 poeng siste ti åra tilsvarar ein 81. Plass.

Heilt på topp i Norge ligg Fedje, med 83,3 poeng

Brukarretta måleparametre
Gjennom valet av brukarretta måleparametre snur Forbrukarrådet opp ned på rangeringa kommunane fekk på NHO sitt kommunebarometer.

Les: NHO har talt

Øygarden på andre plass
Spranget ned til Øygarden er stort. ”Minikommunen” i nord får full pott på sosiale tenester og informasjonstenester, men svak skåre på barn og skule og fritid og kultur gjer at dei havnar på ein 154. plass.

Fjell
Med 54,5 poeng skårar Fjell såvidt under snittet i landssamanhang. Poengsummen tilseier at vi havnar på 220. plass. Kommunen får fullt hus når det gjeld informasjonstenester, men også her er barn og skule og fritid og kultur svake område som trekkjer ned.

Askøy
Dei folkerikaste kommunane i regionen skårar dårlegast. Slik er det ikkje i resten av landet, ifølgje Forbrukarrådet.

Med berre 43,8 poeng havnar Askøy heilt nede på ein 368. plass. Beste skåre får kommunen på pleie og omsorg, med 61 poeng. Her har utviklinga gått feil veg, sett frå Forbrukarrådet sin ståstad. For heile tiårsperioden sett under eitt, havnar Askøy på ein 131. plass.

Det nasjonale snittet i undersøkinga ligg på 55 poeng. I Hordaland ligg kommunane i snitt eitt poeng høgare.

Oversikten
Nedanfor ser du oversikten over Forbrukarrådet sin poenggjeving for kommunane i region vest:

18. plass – Sund, 72,8 poeng 2016, (81. plass siste ti åra)
Sosiale tenester 100
Pleie og omsorg 100
Informasjonstenester 100
Fritid og kultur 87
Tekniske tenester 67
Helse 65
Barn og skule 10

154. plass Øygarden, 58,8 poeng 2016, (269. plass siste ti åra)
sosiale tenester 100
Informasjonstenester 100
Pleie og omsorg 87
Heimehjelp 87
Sjukeheim –
Helse 80
Tekniske tenester 40
Barn og skule 25
Fritid og kultur 20

220. plass Fjell, 54,5 poeng 2016, (154. plass siste ti åra)
Informasjonstenester 100
Pleie og omsorg 96
Helse 72
Tekniske tenester 52
Sosiale tenester 40
Fritid og kultur 20
Kultur 20
Idrett –
Barn og skule 10

368. plass Askøy 43,8 poeng 2016, (131. plass siste ti åra)
Pleie og omsorg 61
Informasjonstenester 60
Sosiale tenester 60
Helse 50
Tekniske tenester 49
Fritid og kultur 20
Barn og skule 5

Du kan lesa heile testen på Forbrukarrådet sine heimesider

Les: Vil styra etter kommunekompasset

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.