NAV skjønnmålar arbeidsmarknaden

Nav sin arbeidsløysestatistikk og SSB si arbeidskraftundersøking speglar to ulike røyndomar. Å slå seg til ro med NAV sine tal vil vera å feie problema under teppet.

Gapet mellom NAV sin arbeidsløysestatistikk og SSB sin arbeidskraftunderøsking er aukande.
Gapet mellom NAV sin arbeidsløysestatistikk og SSB sin arbeidskraftundersøsking er aukande. Medan NAV tilsynelatande melder om betring, er det stadig fleire som fell utanfor arbeidsmarknaden, ifølgje SSB. Illustrasjon: Gunnar J. Torgersen/Holberg Fondene.

Det finst gode grunnar til ikkje å slå seg til ro med dei optimistiske meldingane frå Regjeringa om at «nu går alt så meget bedre».

NAV sin arbeidsløysestatistikk viser kor mange nordmenn som er registrerte som arbeidslause hos NAV. SSB sine arbeidskraftundersøking (AKU) viser derimot kor mange som søkjer arbeid og som er fristilte til å byrja innan to veker.

Les: Lysning på arbeidsmarknaden?

Investeringssjef og analytikar Gunnar J. Torgersen i Holbergfondene illustrerer det aukande gapet mellom dei offisielle talla på arbeidsløyse, og den reelle situasjonen på arbeidsmarknaden. Er arbeidsløysa 3% eller 5% prosent, spør han i overskrifta.

Forvirring
Administrerande direktør Christine B. Meyer i SSB ser at det kan vera forvirrande med to ulike tal:

– To ulike og sprikjande tal kan bidra til uklårheit om kor hør arbeidsløysa er, og gje rom for å velja det talet som best passar til bodskapen ein ønskjer å framføra, skriv Meyer i ein kronikk i Dagens Næringsliv 10. oktober.

Bak statistikken

- Vi må vera minst like opptekne av dei som fell utanfor arbeidsmarknaden, åtvarar SSB-direktør Christine B. Meyer. Foto: Studio Vest AS.
Av omsyn til den framtidige verdiskapinga må vi vera minst like opptekne av dei som fell utanfor arbeidsmarknaden, åtvarar SSB-direktør Christine B. Meyer. Foto: Studio Vest AS.

For å forklara forskjellen, går SSB-direktøren går bak statistikkane og ser kva som inngår i AKU-tala og som SSB overser:

I andre kvartal i år var det 134.000 arbeidslause nordmenn, ifølgje SSB. Heile 66.000 av dei var ikkje registrerte hos NAV.

Overser dei på tiltak
NAV oppgjev berre dei som er heilt arbeidslause. Mange som er registrerte arbeidslause hos NAV, vert difor ikkje rekna med i statistikken, fordi dei går på ein eller annan form for arbeidsmarknadstiltak.

Å gå på eit kortvarig tiltak, med dagpengar frå NAV som inntekt, er ikkje det same som å ha arbeid.

Berre her i Hordaland utgjer denne gruppa så mange som 1.5796 personar.

Ved å oversjå dei som er registrert arbeidslause, men som går på tiltak, reduserer NAV den offisielle arbeidsløysa i fylket frå 3,9 prosent til 3,3 prosent.

Utan rett på dagpengar
Arbeidslause som av ein eller annan grunn ikkje har rett på dagpengar, er oftast heller ikkje er registrerte hos NAV, ifølgje Meyer.

Store grupper som dermed fell utanfor NAV sin statistikk, er mellom anna:

* Ungdom som er på veg inn i arbeidslivet. I fjor var det heile 72.000 unge mellom 15 og 29 år som verken var i jobb, under utdanning eller i opplæring. Langtidsledigheten er aukande for denne gruppa, ifølgje Meyer.

Fell utanfor
* Tidlegare tilsette på sluttpakkar utgjer ei stor og uoversiktleg gruppe. Dei har ikkje rett på dagpengar, og verken NAV eller SSB har tal på kor mange dei er.

* Ei anna og veksende gruppe er tidlegare tilsette som har brukt opp dagpengeperioden, og som ikkje kvalifiserer til sjukepengar eller sosialtrygd, og som no overlever på oppsparte midlar eller partnaren si inntekt. Heller ikkje her finst det tal å visa til.

* Personar med nedsett arbeidsevne, og eldre som nærmar seg pensjonsalder, er grupper som vert tekne ut av NAV sin statistikk. Den førstnemnde gruppa aleine utgjer 20.000 personar, ifølgje Meyer.

Største utfordringa
– Tala for den registrerte arbeidsløysa kan kanskje sjå oppløftane ut. Dersom ei viktig årsak til låg arbeidsløyse er at stadig fleire vert ståande utanfor arbeidsstyrken, kan biletet verta mørkare, åtvarar Meyer.

– Vi må vera minst like opptekne av dei som vert ståande utanfor arbeidsmarknaden, enten fordi dei ikkje slepp til, eller fordi dei vert kasta ut.

– Denne utestenginga kan verta ei større utfordring for framtidig verdiskaping enn dagens tal for arbeidsløyse, åtvarar SSB-direktøren.

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s