Vil ha 50-sone i Gamle Bildøyvegen

Forslaget til detaljreguleringsplan som skal sikra dei mange gåande og syklande langs Gamle Bildøyvegen er omsider klart.

Bildøyvegen. Trafikksikring
Gamlevegen over Bildøy er skuleveg. Bussen må stoppa og venta for at privatbilane skal kunna smyga seg forbi.

Gamle Bildøyvegen er skuleveg for ungdomar frå Kolltveit og Straume til skulesenteret på Bildøy. Vegen er jamnt over smal og store delar manglar fortau. Mange bilistar nyttar vegen som omkøyringsveg når det er trafikkstans på Rv 555.

Arbeidet med forslaget til detaljreguleringsplan for den 1,3 kilometer lange kommunale vegen tok til for to og eit halvt år sidan.

Separat gang- og sykkelveg
Planen som skal opp til førstegongs handsaming i Komite for Plan og utvikling i Fjell neste veke, legg opp til at vegen vert utvida med separat gang- og sykkelveg.

Les: Skeptisk til trafikksikringsingstiltak

Vegen skal rustast opp til å kunna ta unna ei dagleg trafikkmengde på over 1.500 bilar. Fartsgrensa skal vera 50 kilometer i timen. I dag er store delar vegen skilta som 30-sone.

Etter utvidinga skal vegen ha ei køyrebreidde på 5,5 meter. Gang- og sykkelvegen er planlagt med ei breidde på tre meter, og vera åtskild frå køyrebana med ein 1,5 meter brei rabatt, ifølgje planframlegget.

Kostnadssprekk
Busetnad tett inntil vegen, kombinert med til dels vanskelege terrengtilhøve, har ført til
At arbeidet vert langt dyrare enn venta.

Siste kostnadsoverslaget for oppgraderinga lyd på 44,75 millionar kroner. Eit alternativt forslag der gang- og sykkelvegen er erstatta med fortau, er kalkulert til 40,12 millionar.

Les: Kostnadssprekk på Bildøyvegen

Ut av trafikksikringsplanen
Utbetringa av Gamle Bildøyvegen er det største tiltaket i forslaget til Trafikksikringsplan for 2016 – 2020. Kostnadsoverslaget er meir enn dobbelt så høgt som dei totale midlane som står til disposisjon til trafikksikring i perioden.

Kostnadane på tiltaket, sett i lys av den dei mange innmelde tryggingstiltaka og den totale summen som står til rådvelde, medførte at fleirtalet i Komite for Drift og forvaltning tilrår at utbetringa av Gamle Bildøyvegen heller bør fremmast som eiga sak.

Les: Vil ta Bildøyvegen ut av TS-planen

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s