Ein tradisjonell sancerre

Trudde du du visste korleis ein sancerre skal smaka? Møte med Sebastien Riffault sine vinar får deg til å tenkja om att.

Sebastien Riffault serverer intense vinar med naturleg fruktsødme iblanda mineraliteten.
Sebastien Riffault serverer intense vinar der naturleg fruktsødme føyer seg fint saman med mineraliteten frå jordsmonnet.

Crisp og mineralsk. Slik tenkjer dei aller fleste av oss at ein sancerre skal smaka.

På gamlemåten
Sebastien Riffault dyrkar sine tolv mål med vinmark i hjarta av Sancerre. Vinane vert laga på gamlemåten, med fullmodne druer frå gamle vinstokkar som er dyrka økologisk. Utbytet i vinmarka er lågt, og eindel av druene får henga så lenge at dei får edelråte eller botrytis.

I kjellaren vert vinane spontangjæra. Berre unntaksvis vert dei tilsett svovel eller filtrert før dei vert tappa på flaske.

Fruktsødme
Resultatet er vinar der ei naturleg fruktsødme føyer seg fint saman med mineraliteten frå jordsmonnet – sjølv om vinane likevel vert opplevd som tørre.

Kritikarane kan hevda at all naturvin smakar likt. Vinane byr på ein smakspalett som ein vanleg vinelskar ikkje møter til dagleg. Ved gjenteken eksponering vil vi kunna trena sansane til å nyansera aroma- og smaks-inntrykk på same måte som med industrielt produserte vinar.

Sommarblomar
I møte med Sebastien Riffault sine vinar må du henta fram minnet om sommarblomar og gule bær. Her er stikkelsbær og løvetann, grøne epler og grapefrukt.

Alle vinane er laga på 100 prosent sauvignon blanc.

I likhet med dei aller fleste andre småprodusentar, må vinane til Sebastien Riffault bestillast.

9751801 Riffault Sancerre Les Quarterons, 235,-
Dette er einaste vinen til Riffault som er gjæra og lagra på ståltankar og som er tilsett ørlite svovel.

Lys strågul, stikkelsbær, mineral, sjø og urter. Kanhende den mest konvensjonelle, og difor kanhende den beste introduksjonen til Riffault sine vinar.

3656401 Riffault Sancerre Akmenine, 289,90
Laga på svært modne druer med 20 – 30 prosent botrytis. Lagra to år på store gamle eikefat og eitt år på flaske.

Lys strågul, epler, urter og mineral.

3656505 Riffault Sancerre Sauletas, 329,90
Laga av druer frå vinstokkar som er eldre enn 60 år. Høg andel av druer med botrytis.
Lys strågul, løvetann og urter. Rund, men syrleg.

1226201 Riffault Sancerre Auksinis, 329,90
Lys gyldengul, urter og seinsommarblomar, smak av urter og løvetann.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.